Storstraumen i Ullsfjorden

tidevasstraum i Tromsø

Storstraumen er ein tidevasstraum i Tromsø kommune i Troms. Han ligg mellom Skarmunken i vest og Straumsnes i aust, og er 450 meter brei på det smalaste og rundt ein kilometer lang. Djupna er rundt 10 meter. Storstraumen går mellom Ullsfjorden i nord og Sørfjorden, som Ullsfjorden vert kalla sør for Storstraumen. Straumen er danna ved at vatnet har brote gjennom ei endemorene frå slutten av siste istid.

Storstraumen i Ullsfjorden

Koordinatar: 69°36′20″N 19°43′26″E