Regjeringa i Noreg

Sjå Regjeringa Støre, for ei oversikt over den sitjande regjeringa.

Regjeringa i Noreg er den utøvande makta i landet. Regjeringa blir leidd av Statsministeren og har eit varierande tal statsrådar som blir utnemnde av Kongen som medlemmar. Sidan innføringa av parlamentarismen i 1884 er regjeringa avhengig av tillit frå Stortinget.

Regjeringa som sit no, er Regjeringa Støre, ei mindretalsregjering frå Arbeidarpartiet (Ap) og Senterpartiet (Sp).

Statsministeren og statsrådane er medlemmer av statsrådet. Når regjeringa fattar viktige avgjerder som samla kollegium, skjer det som Kongen i statsråd, eit formelt regjeringsmøte hos Kongen. Det blir vanlegvis halde statsråd kvar fredag på Slottet i Oslo.

Ei regjering kan endrast undervegs ved at statsrådar blir skifta ut eller byter departement. Regjeringa blir likevel rekna å vere den same så lenge statsministeren sit.

Sjå også endre

Bakgrunnsstoff endre