Stortingsmann Adolf Pedersen

norsk politikar

Adolf Theodor Pedersen (10. juli 18639. november 1927) var ein norsk jurist og direktør frå Skudeneshavn i Rogaland. Han var stortingsmann 1903-09 for Moderate Venstre og sidan Samlingspartiet.

Adolf Pedersen
Fødd10. juli 1863
Død9. november 1927 (64 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkepolitikar
Alle verv

Pedersen var son til ein handelsmann. Sjølv var han fisketelegrafist frå han var 15 til 22 år gammal. Etter han vart cand.jur. i 1891, var han sakførar i Stavanger frå 1893. Frå 1909 arbeidde han som statsadvokat i Vest-Agder og Stavanger lagsokn. Pedersen var medlem i bystyret i Stavanger frå 1898. Han hadde ei mengd verv, både av privat, sivil og offentleg karakter. Mellom anna var han styreformann i bladet Vestposten og 1915-17 i Stavanger Museum. I 1917 fekk han stillinga som direktør i Norges Brandkasse, og flytta då til hovudstaden.

Perioden 1903-06 representerte han Stavanger by på Stortinget, deretter 1906-09 einmannskrinsen Verket (i Stavanger). Fyrste perioden var han medlem i Justiskomiteen, i den andre i Kyrkjekomiteen.

Kjelder endre