Opna hovudmenyen

Skudeneshavn er ein by, tettstad og tidlegare kommune som ligg på sørspissen av øya Karmøy i Karmøy kommune i Rogaland fylke. Tettstaden har 3 385 innbyggjarar per 1. januar 2017. Trehusmiljøet i Skudeneshavn sentrum er rekna å vera veldig bra teke vare på.

Skudeneshavn
stad
Skudeneshavn 3.jpg
Foto: Sberla_
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Rogaland
Kommune Karmøy
Areal 2,56 km²
Folketal 3 385 (2017)
Folketettleik 1 322 / km²
Postnummer 4280 SKUDENESHAVN
Wikimedia Commons: Skudeneshavn

Skudeneshavn kommune 1858 - 1965Endra

Skudeneshavn var frå 1837 del av Skudenes formannskapsdistrikt, men vart skilt ut som eigen kommune 10. februar 1858 og fekk status som ladestad. Skudeneshavn hadde då 1 209 innbyggjarar.[1]

1. januar 1965 vart Skudeneshavn slegen saman med Kopervik, Skudenes, Stangaland og Åkra, mesteparten av Avaldsnes og mesteparten av Torvastad til den nye Karmøy kommune.

Skudeneshavn hadde ved samanslåinga eit innbyggjartal på 1 275.

FolketalsutviklingEndra

Folketalsutvikling for tidlegare Skudeneshavn kommune frå 1865 til 1965:

1865[2] 1900[2] 1.12.1920[3] 1.12.1930[4] 3.12.1946[4] 1.1.1951[5] 1.1.1961[5] 1.1.1965[1]
1209 1193 1342 1198 1310 1326 1348 1275

Sjå ògEndra

KjelderEndra

FotnotarEndra

  1. 1,0 1,1 Dag Juvkam, Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen (SSB, 1999)
  2. 2,0 2,1 "Hjemmehørende folkemengde Rogaland 1801-1960 frå Registreringssentral for historiske data, vitja 7. oktober 2010
  3. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  4. 4,0 4,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  5. 5,0 5,1 Folkemengd i Skudeneshavn 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå

BakgrunnsstoffEndra