Stortingsmann Johan Støa
Johan Støa (20. februar 1913–24. september 1973) var ein norsk arbeidsmann og politikar frå Verdal. Han representerte Nord-Trøndelag og Arbeidarpartiet på Stortinget frå 1965 til han døydde.
Johan Støa | |||
| |||
Fødd | 20. februar 1913 Verdal | ||
---|---|---|---|
Død | 24. september 1973 (60 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Arbeidarpartiet | ||
Yrke | politikar, fagforeningsleder | ||
Alle verv |
|
Støa var son til ein småbrukar og skogsarbeidar. Etter framhaldsskule i 1927/28 arbeidde han på gard i Verdal til 1935. I tida 1935-56 var han sysselsett med skogs- og bygningsarbeid. Han var så fylkessekretær 1957-59 i Nord-Trøndelag Arbeiderparti. Frå 1959 var han tilsett i Verdal kommune, fyrst fire år som byggeleiar og deretter to år tiltakssekretær.
Støa var medlem av Verdal kommunestyre i tida 1948-67, ordførar 1964–67. Hausten 1965 vart han vald til stortingsrepresentant frå Nord-Trøndelag, attvald 1969 og -73. Han var medlem i Kommunalkomitéen 1965-71, Finanskomitéen 1971-72 og Kommunal- og miljøvernkomitéen 1972-73. Støa døydde straks etter stortingsvalet i september 1973, før det nye stortinget vart opna. Steiner Kvalø rykte då opp på fast representantplass.