Stortingsvalet 1953

Stortingsvalet 1953 var det tredje stortingsvalet i Noreg etter andre verdskrigen, og vart halde 12. oktober 1953. Før dette valet vart ordninga for fordeling av mandat endra. Den gamle endringa hadde sterkt favorisert store parti. Den nye ordninga gav ei mandatfordeling som kom nærare fordelinga av røyster. Difor mista Arbeidarpartiet 8 mandat sjølv om dei fekk fleire røyster enn sist, medan Norges Kommunistiske Parti kom tilbake på Stortinget med tre nye mandat endå dei fekk færre røyster enn sist. Det er berekna at med den gamle valordninga ville Arbeidarpartiet ha fått 92 mandat ved dette valet.

Valet vart likevel ein stor siger for Arbeidarpartiet, og Oscar Torp si regjering heldt fram. Arbeidarpartiet beheldt fleirtal åleine i Stortinget.

Resultat endre

Parti Del av røystene (%) Endring i høve til 1949 Mandat Endring i høve til 1949
Arbeidarpartiet 46,7 + 1,1 77 - 8
Høgre 18,4 + 2,5 27 + 4
Kristeleg Folkeparti 10,5 + 2,1 14 + 5
Venstre 10,0 - 2,5 15 - 6
Bondepartiet 8,8 + 4,0 14 + 2
Norges Kommunistiske Parti 5,1 - 0,8 3 + 3
Borgarleg fellesliste 0,5 - 5,6 0
Total 100 0 150 0

¹Mandat frå borgarleg fellesliste fordelt på dei einskilde partia (i dette tilfellet gav felleslista eit mandat til Høgre).
Den borgarlege felleslista var eit samarbeid mellom Bondepartiet og Høgre i Aust-Agder.
Eit anslag over valresultatet med felleslista oppløyst gjev desse partia dette resultatet:

Parti Prosent røyster Endring i høve til 1949
Høgre 18,8 - 1,0
Bondepartiet 9,0 + 1,1

Kjelder endre