Strandkjempe
Strandkjempe
Strandkjempe
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Leppeblomordenen Lamiales
Familie: Kjempefamilien Plantaginaceae
Slekt: Kjempeslekta Plantago
Art: Strandkjempe P. maritima
Vitskapleg namn
Plantago maritima

Strandkjempe (Plantago maritima) er ein fleirårig planteart i kjempeslekta. Han er ein sirkumpolar art som veks på havstrand.[1]

Han blir 5–30 cm høg og har linjeforma, kjøtfulle blad. Blomane sit i aks på toppen av ein rund stengel.[1]

I Noreg finst han langs heile kysten.[2] Arten har to underartar:[3]

  • Nominatunderarten stor strandkjempe (P.m. ssp. maritima) er utbreidd langs kysten til nordre Nordland. Denne underarten finst òg noko opp i fjellet på Vestlandet og i Nordland og er no i rask spreiing i innlandet langs salta vegar.[3]
  • Ishavskjempe (P.m. ssp. subpolaris) er vanleg på kysten frå nordlege Nordland og nordover. Desse plantene var tidlegare ofte rekna til ssp. borealis, som er kjend frå Grønland, men er helst nærare i slekt med plantar på Kolahalvøya og austover i Russland.[3]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Strandkjempe». Store norske leksikon. 30. desember 2015. Henta 19. august 2018. 
  2. «Strandkjempe Plantago maritima L.». Artsdatabanken. Henta 19. august 2018. 
  3. 3,0 3,1 3,2 Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 952.