Strandpysjamas

Strandpysjamas er fritidsklede for kvinner som blei lansert i 1920-åra. Eit slikt antrekk består av lause padjamainspirerte bukser med ein jakke til. Under kunne ein ha badedrakt, solliv eller ermelaus bluse. Som namnet viser til, var dette typiske strandklede. Antrekket var eit av dei første i vestleg drakttradisjon der det blei akseptert at kvinner gjekk i langbukser.

Kvinne i strandpysjamas i Queensland på 1930-talet.
Tysk kvinne i strandpysjamas i 1932.

Det var moteskaparen Coco Chanel som introduserte vide bukser for kvinner på 1920-talet. Strandpysjamas blei først teken i bruk på Rivieraen rundt 1927, og blei utbreidd i løpet av 1930-talet.

BakgrunnsstoffEndra

KjelderEndra