Stratospheric Observatory for Infrared Astronomy
Stratospheric Observatory for Infrared Astronomy (SOFIA) er eit prosjekt mellom den amerikanske romfartsorganisasjonen NASA og Deutsches Zentrum für Luft- und Raumfahrt (DLR). Eit ombygd Boeing 747SP har blitt ombygd for å huse eit spegelteleskop som er 2,5 i diameter. Teleskopet er meint for infraraude astronomiske undersøkingar 12 km inn i stratosfæren.
Flyet
endreBoeing 747SP-flyet som husar teleskopet, vart opphavleg eit passasjerfly med produksjonserienummeret 21441. Flyet vart levert til Pan American World Airways i mai 1977 og gjeve namnet «Clipper Lindbergh» og døypt av enka etter Charles Lindbergh. American Airlines kjøpte flyet i 1986 og hadde det i si teneste fram til 1995. To år etter vart flyet kjøpt av NASA. Under prøveflygingar var flyet stort sett framleis i AA sine fargar. Ein svart firkant vart måla på der teleskopet skulle vere. I 2006 fekk flyet måla på ny utsjånad og året etter vart flyet gjeve attende det namnet «Clipper Lindbergh» av barnebarnet til Lindberg, Erik Lindbergh.
Flyet var i løpet av 2009 gjennom ei rekkje testflygingar, før ein kunne byrje med astronomiske observasjonar.
Bakgrunnsstoff
endre- USRA SOFIA Nettstad
- SOFIA Mission Profile Arkivert 2007-08-02 ved Wayback Machine. hjå NASA's Solar System Exploration
- SOFIA Website des DLR Arkivert 2006-06-16 ved Wayback Machine. (Tyskpspråkleg)
- SOFIA hjå Astronomy Picture of the Day