Sky
Ei sky (norrønt ský )[1] er ein synleg masse av kondenserte dropar eller iskrystallar i jordatmosfæren eller på ein annan planet.
På jorda er det vassdamp som kondenserer og dannar små vassdropar (typisk 0,01 mm) eller iskrystallar. Ein slik drope eller krystall saman med millionar av andre er for oss synleg som skyer. Som regel vert skyene danna i samband med vertikale luftrørsler, som konveksjon, luft som vert tvunge over eit høgareliggande terreng eller storskala luftrørsler i samband med vêrfrontar.
Skyer reflekterer og spreier alle bølgjelengder av synleg lys likt og er som regel kvite, men dei kan vere grå eller til og med svarte dersom dei er så tjukke eller tette at sollys ikkje kan passere gjennom dei.
Bortsett frå enkelte skytypar, som nattlysande skyer og perlemorskyer, samt enkelte høge cirrus i den lågare stratosfæren, finn ein dei fleste skyene i troposfæren
Historie
endreDen første personen som klassifiserte skyer var Luke Howard, ein farmasøyt og amatørmeteorolog frå London. Han skreiv ei bok kalla The Modifications of Clouds og gav latinske namn til dei største skygruppene etter kva form dei hadde. Han brukte ordet «hår» for cirrus, «haug» for cumulus, «lag» for stratus og «regnberande» for nimbus. Seinare la han til alto og fracto, som tyder «midlare» og «oppstykka». Uttrykka vart godt teke imot i det meteorologiske fagmiljøet og vert framleis nytta den dag i dag.
Meir presise klassifiseringar dukka opp i fleire land på 1800-talet og i München i 1891 avgjorde Den internasjonale meteorologiske konferansen eit eins klassifiseringssystem. I 1896 kom første utgåva av International Cloud Atlas.
Ei internasjonal gruppe meteorologar for «Studiet av Skyer» vart oppretta i 1921 og dei gav ut International Atlas of Clouds and of Types of Skies i 1932 med nye skykodar til nytte i observasjonar. Eit nytt International Cloud Atlas vart gjeve ut i to bind i 1956 av Verdas meteorologiorganisasjon.
Skydanning
endreSkyer vert danna når usynleg vassdamp i lufta kondenserer til synlege små vassdropar eller små iskrystallar. Det kan skje på to måtar:
1. Lufta vert avkjølt til doggpunktet sitt. Dette skjer når luft kjem i kontakt med ei kald overflate eller ei overfate som er avkjølt ved stråling, eller ved at lufta vert avkjølt ved adiabatisk heving. Dette kan skje:
- langs ein varm- eller kaldfront (frontal heving). Produserer vanlegvis lagdelte skyer.
- der luft bles over eit fjell (orografisk heving). Produserer vanlegvis lagdelte skyer.
- ved konvektive rørsler som følgje av oppvarming av overflata om dagen. Produserer vanlegvis cumulusaktige skyer.
- konvergens der to luftmassar som kjem frå forskjellige retningar møter kvarandre og vert tvinga oppover. Kan skape både lagdelte og cumulusaktige skyer avhengig av tilstanden til atmosfæren.
- turbulens, ei rask endring av vindstyrke med høgda kan skape turbulente virvlar i lufta. Kan skape både lagdelte og cumulusaktige skyer avhengig av tilstanden til atmosfæren.
2. Lufta endrar ikkje temperatur, men absorberer meir vassdamp til lufta vert metta
Skyer er tunge. Vatnet i ei typisk sky kan ha ein masse på fleire millionar tonn. Men volumet er tilsvarande høgt og netto tettleik av vassdampen er faktisk låg nok til at luftstraumar under og i skya klarar å halde oppe dei små dropane. I tillegg er ikkje tilhøva inne i ei sky statiske; små vassdropar vert konstant danna og fordampa. Ein typisk skydrope har radius i storleiksorden 1 x1 10-51 m og ein terminalfart på 1-21 cm/s. Dette gjev desse små dropane god tid til å fordampe når dei fell ned i den varmare lufta under skya.
Dei fleste vassdropar vert danna når vassdamp kondenserer rundt ein kondensasjonskjerne, ein liten partikkel av røyk, støv, oske eller salt. Under overmetta tilhøve kan vassdropen òg fungere som kondensasjonskjerne.
Vassdropar som er store nok til å falle til overflata vert danna på to måtar. Den viktigaste prosessen vert kalla Bergeronprosessen etter Tor Bergeron som sette fram teorien. I denne prosessen kjem underkjølte vassdropar og iskrystallar i ei sky i kontakt med kvarandre og gjev ein rask vekst av iskrystallar, som så fell frå skya og smeltar på vegen ned. Denne prosessen skjer vanlegvis i skyer der skytoppen er kaldare enn -15 °C. Den nest viktigaste prosessen er kollisjons- og kjølvatnprosessar, som skjer i skyer med varmare skytoppar. Der kolliderer stigande og fallande smådropar og produserer større og større dropar som til slutt vert så store at luftstraumane ikkje lenger kan halde dei oppe, og dei fell til bakken som regn. Når ein drope fell gjennom eit område med mindre dropar rundt, vert smådropane dregne inn i «kjølvatnet» av den større dropen, kolliderer med den og aukar med det storleiken på dropen. Denne metoden å produsere regndropar på skjer hovudsakleg i låge stratiforme skyer og små cumulusskyer i tropiske område. Regndropane som vert produsert på denne måten er som regel smådropar som yr.
Kva type sky ein får er avhengig av styrken på oppdrifta og luftstabiliteten. Ved ustabile tilhøve er det konveksjon som dominerer, og det vert danna skyer som kan ha stor vertikal utstrekking. Stabil luft produserer horisontalt utstrekte og jamne skyer. Oppdrift i samband med frontar skapar ulike skyer alt etter om det er ein varm- eller kaldfront. Orografisk heving kan også skape ulike skyer avhengig av stabiliteten til skyene, men skyer som «hetteskyer» (cap clouds) og bølgjeskyer vert berre danna pga. orografiske effektar.
Skyklassifisering
endreSkyer er delt inn i to hovudkategoriar: Lagdelte og konvektive. Lagdelte skyer vert kalla stratusskyer (eller stratiforme skyer, det latinske ordet stratus tyder 'lag') og er kjenneteikna ved å ha lita vertikal utstrekning, samtidig som dei kan strekke seg horisontalt utover svært store område. Konvektive skyer vert kalla cumulusskyer (cumulus tyder 'opptårna' på latin), og er kjenneteikna ved å ha større vertikal ustrekning og mykje mindre horisontal utstrekning enn lagdelte skyer. Desse to skytypane er igjen delt inn i fire eller fleire grupper etter kva høgde dei oppstår i. Skyer er klassifiserte ved hjelp av skybasen, ikkje skytoppen, slik at høge skyer referer til skyer som ligg høgt i atmosfæren (cirrusskyer) og ikkje den vertikale utstrekkinga til skya (cumulus). Dette systemet vart føreslått av Luke Howard i 1802 i eit føredrag for Askesian Society. Høgda skyene kan oppstå i (bortsett frå nattlysande skyer og perlemorskyer) varierer frå 18 km i tropane, 14 km på midlare breidder og 8 km i polområda.
Høge skyer (Type A)
endreDesse skyene vert danna over 5 000 m (16 500 fot) i kalde område av troposfæren. I polare område kan dei derimot oppstå så lågt som i 3 000 m høgde (10 000 fot). Dei vert angjevne med forstavinga cirro- eller cirrus. I denne høgda er om lag alt vatn frose til is, så skyene består av iskrystallar. Desse skyene er ofte tynne og gjennomsiktige.
Skyer av type A inkluderer:
- Cirrus (Ci)
- Cirrus uncinus (Ci)
- Cirrus Kelvin-Helmholtz (Ci)
- Cirrostratus (Cs)
- Cirrocumulus (Cc)
- Cumulus congestus pileus
- Kondensstriper, ei kondensstripe er lange tynne skyer som vert utvikla som følgje av jetfly i høge luftlag.
Mellomhøge skyer (Type B)
endreDesse vert utvikla mellom 2 000 og 5 000 m (6 500 og 16 500 fot), og er angjeve med forstavinga alto-. Skyene er danna av vassdropar, og er ofte underkjølte.
Skyer av type B inkluderer:
- Altostratus (As)
- Altostratus undulatus (As)
- Altocumulus (Ac)
- Altocumulus undulatus (Ac)
- Altocumulus makrellsky (Ac)
- Altocumulus castellanus (Ac)
- Altocumulus lenticularis (Ac)
Låge skyer (Type C)
endreDesse oppstår opp til 2000 m (6500 ft) og inkluderer stratusskyene (tette og grå). Når stratusskyer er i kontakt med overflata vert det kalla tåke.
Skyer av type C inkluderer:
- Stratus (St)
- Orografisk stratus
- Nimbostratus (Ns)
- Cumulus humilis (Cu)
- Cumulus mediocris (Cu)
- Stratocumulus (Sc)
Konvektive skyer (Type D)
endreDesse skyene kan ha kraftige vertikale luftstraumar og strekke seg langt over skybasen, og kan oppstå i fleire ulike luftnivå.
Skyer av type D inkluderer:
- Cumulonimbus (assosiert med kraftig nedbør og torevêr) (Cb)
- Cumulonimbus incus (Cb)
- Cumulonimbus calvus (Cb)
- Cumulonimbus med mammatus (Cb)
- Cumulus congestus (TCu)
- Pyrocumulus (ikkje offisiell skytype ifølgje WMO)
Artar
endreSmå variasjonar i utsjånaden og den indre strukturen til skyer har ført til ei vidare underinndeling av dei nemnde gruppene over (t.d. Altocumulus lenticularis). Altostratus og nimbostratus er dei einaste skyene ein ikkje nyttar denne vidare underinndelinga på.
- Fractus (fra) – ujamne og taggete skyer. Vert berre nytta om stratus og cumulusskyer.
- Nebulosus (neb) – eit tåkete slør eller lag utan særskilde detaljar. Vert hovudsakleg nytta om stratus og cirrostratus.
- Stratiformis (str) – skyer som spreier seg ut i eit stort horisontalt lag. Vert nytta i samband med stratocumulus, altocumulus og stundom cirrocumulus.
- Lenticularis (len) – linseforma skyer, ofte avlange med tydelege og skarpe kantar. Dei oppstår som regel i samband med orografisk heving, men kan òg oppstå i området utan orografi. Vert nytta hovudsakleg i samband med stratocumulus, altocumulus og cirrocumulus.
- Castellanus (cas) – skyer som har cumulus- eller tårnliknande utvokster på toppen av skylaget. Tårna er som regel høgare enn dei er breie og er ofte arrangert langs linjer. Vert nytta i samband med stratocumulus, altocumulus, cirrus og cirrocumulus.
- Humilis (hum) – skyer med ei viss vertikal utstrekking. Som oftast er desse forholdsvis flate. Vert berre nytta i samband med cumulusskyer.
- Mediocris (med) – skyer med moderat vertikal utstrekking. Toppane har som regel små utvokster. Vert berre nytta i samband med cumulusskyer.
- Congestus (con) – skyer som veks kraftig vertikalt og er ofte langt høgare enn dei er breie. Skyene kan minne om blomkål. Vert berre nytta i samband med cumulusskyer.
- Calvus (cal) – skyer der dei tydelege og skarpe utvekstane i toppen byrjar å verte meir diffuse, men utan at cirroforme skyer er danna. Vert berre nytta i samband med cumulonimbus.
- Capillatus (cap) – skyer som er i ferd med å miste den cumulusaktige forma i den øvre delen med særskilde stripete skyformasjonar, ofte i form av ein amboltliknande utvekst frå toppen av skya. Vert berre nytta i samband med cumulonimbus.
- Floccus (flo) – Ein skyformasjon der kvar sky er ein liten dott med ein cumulusliknande utsjånad. Den nedre delen av skya er som regel ujamn og kjem ofte i saman med virga, nedbør som fordampar før han når ned til bakken. Vert nytta i samband med altocumulus, cirrus og cirrocumulus.
- Fibratus (fib) – Fråskilde skyer eller eit tynt skyslør som består av nesten rette eller nesten ikkje ujamne trådar som ikkje endar i krokar eller flippar. Vert berre nytta om cirrus og cirrocumulus.
- Spissatus (spi) – Skyer som er har stor nok optisk tjukkleik til at dei framstår grå når ein ser på dei mot sola. Vert berre nytta i samband med cirrus.
- Uncinus (unc) – Skyer forma som eit komma og som endar i ein krok. Vert berre nytta om cirrus.
Variantar
endreForskjellar i utsjånad og kor gjennomsiktige skyer er har ført til ei gruppe av variantar som òg vert nytta. Til dømes kan ein sky som har ei bølgjeform verte kalla undulatus (t.d. altocumulus undulatus), som tyder «bølgjande»
- Duplicatus (du) – Skyflak eller lag som ligg i litt forskjellige høgder, som stundom kan gli over i kvarandre. Vert hovudsakleg nytta i samband med stratocumulus, altocumulus, altostratus, cirrus og cirrocumulus.
- Intortus (in) – Skyer der trådane er ujamn bøygd og ser ofte ut til å vere vikla inn i kvarandre. Vert berre nytta i samband med cirrus.
- Lacunosus (la) – Skyflak eller lag, vanlegvis tynne og ofte med jamt fordelte runde hol. Skyelementa og dei klåre områda er ofte arrangert i eit mønster som kan minne om eit nett eller ei bikake. Vert hovudsakleg nytta om altocumulus og cirrocumulus, og ein sjeldan gong om stratocumulus.
- Radiatus (ra) – Skyer i breie parallelle band, som stundom ser ut til å stråle ut frå eitt punkt i horisonten (pga av perspektiveffekten). Vert nytta i samband med stratocumulus, cumulus, altocumulus, altostratus og cirrus.
- Verebratus (ve) – Skyer der trådane er arrangert som ribbein eller eit fiskeskjelett. Vert berre nytta i samband med cirrus.
- Opacus (op) – Eit utstrekt skyflak eller eit lag der størsteparten skjuler sola eller månen fullstendig. Vert nytta i samband med stratus, stratocumulus, altostratus og altocumulus.
- Cumulogenitus (cugen) – Skyer som oppstår ved at cumulusskyer spreier seg ut horisontalt. Dei oppstår typisk om kvelden når mangel på varme frå bakken stoppar konveksjonen. Vert nytta i samband med stratocumulus og altocumulus.
- Perlucidus (pe) – Eit utstrekt skyflak eller lag med klåre, men stundom særs små, område mellom kvart flak. Dei klåre områda gjer at sola eller månen kan skine gjennom og ein kan sjå den blå himmelen bakom. Denne varianten er ofte synleg i samband med opacus eller translucidus. Vert nytta i samband med stratocumulus og altocumulus.
- Translucidus (tr) – Eit utstrekt skyflak eller lag der mesteparten er tynne nok til at ein kan sjå sola eller månen gjennom dei. Vert nytta i samband med stratus, stratocumulus, altostratus og altocumulus.
- Undulatus (un) – Skyflak eller lag arrangert i bølgjer. Desse bølgjene kan ein sjå i forholdsvis jamne skylag eller i skyer som består av enkelte flak som anten heng i lag eller er fråskild.
Andre skyer
endreEnkelte skyer vert danna over troposfæren, som perlemorskyer og nattlysande skyer. Perlemorskyene oppstår i stratosfæren, medan dei nattlysande skyene oppstår i mesosfæren.
Skyfargar
endreFargen på ei sky kan seie mykje om kva som føregår inne i skya.
Skyer vert danna når vassdamp stig, vert avkjølt, kondenserer og dannar mikrodropar. Desse små vasspartiklane er relativt tette, og sollys kan ikkje trenge langt inn i ei sky før det vert reflektert ut att. Dette gjev skyene den karakteristiske kvite fargen. Når ei sky vert eldre kan smådropane gå i saman til større dropar, som igjen kan gå saman og danne dropar store nok til å falle ned til overflata som regn. I denne akkumuleringsprosessen vert avstanden mellom dropane større og større, og lyset kan trenge lenger inn i skya. Dersom skya er stor nok, og dropane inne i skya har stor nok avstand, kan det hende at lite av lyset som går inn i skya vert reflektert ut igjen før det vert absorbert. (Difor kan ein sjå mykje lenger i kraftig regn enn i tåke). Denne refleksjons-/absorpsjonsprosessen er årsaka til at fargen i ei sky kan variere frå kvit til grå og nesten svart. Dette er også årsaka til at undersida av store skyer har ulike grå tonar og at overskya vêr er grått; lite lys vert reflektert og sendt tilbake til personen som oberverer.
Andre fargar oppstår naturleg i skyer. Den blågrå fargen kjem av at lyset vert spreidd inne i skya. I det synlege spekteret er blå og grøn i den korte enden av den lyset synlege bølgjelengda til lyset, medan gul og raud er i den lange enden. Dei korte strålane har lettare for å verte spreidde av vassdropar og dei lange strålane har lettare for å vere absorberte. Den blåaktige fargen viser at det er dropar store som regndropar som spreier lyset.
Ein meir truande farge kan ein ofte sjå i samband med uvêrsskyer. Dersom ei sky har ein grønaktig farge vert sollyset spreidd av is. Ei cumulonimbus-sky med grøn farge er eit sikkert teikn på at det snart kan oppstå kraftig regn, hagl, kraftig vind, og til og med tornadoar.
Gulaktige skyer er sjeldne, men kan oppstå seint på våren og tidleg på våren i område med stor skogbrannfare. Den gule fargen kjem av røyk.
Raude, oransje og lilla fargar oppstår nesten berre ved soloppgang/solnedgang, og kjem av at spreiinga av sollyset skjer i sjølve atmosfæren. Skyene i seg sjølv har ikkje desse fargane, men rett og slett reflekterer (ikkje spreier) solstrålene. Dette kan samanliknast med å skine eit raudt lys på eit kvitt laken. I kombinasjon med store og velutvikla toreskyer, kan dette produsere blodraude skyer. Ein kveld før ein tornado trefte byen Edmonton i Alberta i 1987, vart det observert ei slik sky — heilt svart på den mørke sida og med ein intens raudfarge på solsida.
Global dimming
endreGlobal dimming, minka innstråling frå sola til jorda, er eit fenomen som først har fått fokus den siste tida. Ein meiner årsaka kjem av endringar i reflektiviteten til skyer pga ein auke i talet på kondensasjonskjerner og andre partiklar i atmosfæren.
Skyer på andre planetar
endreAlle planetar i solsystemet vårt som har ein atmosfære, har òg skyer. Skyene på Venus består av svovelsyredropar. Mars har høge, tynne skyer av vassis. Både Jupiter og Saturn har eit ytre skylag som består av ammoniakk, eit mellomliggande skylag av ammoniumhydrosulfid og eit indre skylag av vassdropar. Uranus og Neptun har atmosfærar som er dominert av metanskyer.
Saturn sin måne Titan har skyer som ein trur består av flytande metan. Romsonden Cassini-Huygens har oppdaga bevis på væskekretsløp på Titan, med m.a. flytande elver på overflata av månen.
Sjå også
endreKjelder
endre- Fact sheet No. 1 - Clouds - National Meteorological Library and Archive, UK Met Office, Juli 2007.
- Referansar
- ↑ «sky» i Nynorskordboka.
Bakgrunnsstoff
endre- Australia Severe Weather: skyklassifiseringssystem – mange bilete
- Chitambo Clouds – Skyer og andre meteorologiske fenomen Arkivert 2010-01-07 ved Wayback Machine. - bilete og annan informasjon om ulike skytypar.