Straumsbotn
69°23′0.44160″N 17°22′9.7860″E / 69.3834560000°N 17.369385000°E Straumsbotn er ein fjordarm av Bergsfjorden på Senja i Senja kommune i Troms. Fjorden strekkjer seg 7,5 km søraustover til Elvevollen i botn av fjorden.
Fjorden har innløp gjennom sundet Trongstraumen ved Straumsneset i nord. Grenda Straumsbotn ligg på austsida av fjorden. Lenger sør og inn i fjorden ligg gardane Håverjorda og Løvdal.
Fylkesveg 86 går langs heile austsida av fjorden og kryssar Trongsundet via ei bru.