Opna hovudmenyen

Strawberries Oceans Ships Forest

Strawberries Oceans Ships Forest
Studioalbum av The Fireman
Utgjeve 15. november 1993
Innspelt 1978, 1992
Sjanger Ambient techno, elektronisk, EDM
Lengd 76:40
Selskap Parlophone (Storbritannia)
Capitol (USA)
Produsent The Fireman
The Fireman-kronologi
Strawberries Oceans Ships Forest Rushes
(1998)
Paul McCartney-kronologi
Paul Is Live
(1993)
Strawberries Oceans Ships Forest Flaming Pie
(1997)
Singlar frå Strawberries Oceans Ships Forest
  1. «Transpiritual Stomp»
    Utgjeve: 1993

Strawberries Oceans Ships Forest er eit ambient techno-album frå 1993 av The Fireman, ein duo som består av Paul McCartney og produsenten Youth, mest kjend som medlem av Killing Joke og The Orb.

Innhaldsliste

BakgrunnEndra

Albumet bestå av samplingar frå songar av McCartney, hovudsakleg frå innspelinga av Off the Ground,[1][2] og samplingar frå «Reception» og «The Broadcast» frå Wings-albumet Back to the Egg i 1979,[3] remiksa av Youth. Verken McCartney eller Youth er omtalte på albumet. Rykte om at det var McCartney som stod bak vart etter kvart stadfesta av EMI.

Prosjktet byrja då McCartney bad Youth om mikse fleire songar frå McCartney-albumet Off the Ground[2] for å kanskje brukast på 12"-singlar.[3] McCartney sa «Eg sa eg ønskte at han berre skulle bruke ting frå våre innspelingar, fordi dance-miksar ofte har ein sample av ei basstromme eller ei skarpetromme frå ein James Brown-song, og på grunn av det høyrest alt litt likt ut. Så eg sa til Youth at eg helst ønskte at han berre tok ting frå våre innspelingar, hovudsakleg Off the Ground

InnspelingEndra

Youth sa «Eg syns ikkje det høvde seg å mikse songane på Off the Ground på den måten eg hadde fått beskjed om. Eg tenkte det heller burde vere ei meir heilskapleg greie - altså, at i staden for å remikse ein song, så tenkte eg å dekonstruere albumet til samplingar og så bygge nye miksar frå desse. Og Paul likte ideen. Han var med på det, gå eg gjekk for det.»

Etter kvart valte McCartney å bli med Youth i studio for å skape ny musikk oppå dei eksisterande samplingane, og det heile vart meir eit samarbeidsprosjekt. Sjølv om det opphavleg var teknt som ei rekkje 12"-miksar, likte McCartney så godt resultatet at det vart eit heilt album av prosjektet.

Utgjeving og mottakingEndra

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic     [4]
Q     [5]
Robert Christgau   [6]
Entertainment WeeklyC+[7]
Rolling Stone     [8]
Encyclopedia of Popular Music     [9]

Strawberries Oceans Ships Forest kom ut i Storbritannia 15. november 1993,[3] og i USA 14. februar 1994.[10] «Transpiritual Stomp» kom ut på 12"-singel med «Arizona Light Mix» som B-side.[11]

InnhaldEndra

Alle songar er skrivne av The Fireman.. 

# Tittel Lengd
1. «Transpiritual Stomp»   9:01
2. «Trans Lunar Rising»   9:09
3. «Transcrystaline»   8:39
4. «Pure Trance»   8:40
5. «Arizona Light»   8:39
6. «Celtic Stomp»   8:34
7. «Strawberries Oceans Ships Forest»   8:07
8. «4 4 4»   7:35
9. «Sunrise Mix»   8:16

KjelderEndra

  1. Morgan, Miles, Barry; Scott, Grant; & Johnny (2008). The Greatest Album Covers of All Time (illustrated utg.). London: Collins & Brown. s. 244. ISBN 9781843404811. 
  2. 2,0 2,1 Raymer, Miles; Colebrook, Claire (2010). How to Analyze the Music of Paul McCartney. Edina, Minn.: ABDO Publishing. s. 66. ISBN 9781617587849. 
  3. 3,0 3,1 3,2 Calkin, Graham. «Strawberries Oceans Ships Forest». Jpgr.co.uk. Henta 22. mai 2018. 
  4. Mason, Stewart. «Strawberries Oceans Ships Forest - The Fireman : Songs, Reviews, Credits, Awards». AllMusic. Henta 30. april 2013. 
  5. Q (1/94, p.91) - 3 Stars - Good - «...As an infectious, first-gear, instrumental dance album, it's fine...»
  6. http://robertchristgau.com/get_artist.php?id=1430&name=The+Fireman
  7. http://www.ew.com/article/1994/03/25/strawberries-oceans-ships-forest
  8. https://www.rollingstone.com/music/albumreviews/strawberries-ocean-ships-forest-19940630
  9. Larkin, Colin (2006). The Encyclopedia of Popular Music (4th edn). New York, NY: Oxford University Press. s. 1257. ISBN 0-19-531373-9. 
  10. Bogdanov, Vladimir, red. (2001). All Music Guide to Electronica: The Definitive Guide to Electronic Music (2nd utg.). San Francisco, Calif.: Backbeat Books. s. 185. ISBN 9780879306281. 
  11. «Fireman, The - Transpiritual Stomp / Arizona Light Mix (Vinyl) at Discogs». Discogs.com. Henta 30. april 2013.