Flaming Pie

album av Paul McCartney
Flaming Pie
Studioalbum av Paul McCartney
Språk engelsk
Utgjeve 5. mai 1997
Innspelt 3. september 1992 («Calico Skies» og «Great Day»);
22. februar – 11. mai 1995;
1. november 1995 – 14. februar 1997
Studio Abbey Road Studios i London; Sun Valley i Idaho; The Mill i Sussex; AIR Studios i London
Sjanger Rock
Lengd 53:47
Selskap Parlophone (Storbritannia)
Capitol (USA)
Produsent Paul McCartney, Jeff Lynne, George Martin
Paul McCartney-kronologi 
Strawberries Oceans Ships Forest
(1993)
Flaming Pie Standing Stone
(1997)
Singlar frå Flaming Pie
  1. «Young Boy»
    Utgjeve: 28. april 1997 (Storbritannia)
  2. «The World Tonight»
    Utgjeve: 6. mai 1997
  3. «Beautiful Night»
    Utgjeve: 15. desember 1997 (Storbritannia)

Flaming Pie er det tiande studioalbumet til Paul McCartney, gjeve ut i 1997. Det var det første studioalbumet hans på over fire år, og vart stort sett spelt inn etter McCartney hadde arbeidd med det populære Beatles Anthology-prosjektet.[1] Albumet vart spelt inn fleire stader i ein periode på to år, og to songar var frå heilt attende til 1992. Fleire vener og familie av McCartney, mellom anna sonen hans, James McCartney, spelte på plata. I notata i omslaget til Flaming Pie sa McCartney: «[The Beatles Anthology] minna meg om The Beatles-standarden og standarden som me nådde med songane. Så på ein måte var det eit oppfriskingskurs som sette ramma for dette albumet.»[2]

Flaming Pie nådde andreplassen i både Storbritannia og USA og selde til gullplate. Albumet fekk god kritikk og nådde òg Topp 20 i mange andre land. Ti år etter albumet kom ut, hadde det selt over 1,5 millionar eksemplar.

Bakgrunn endre

«Calico Skies», som Paul McCartney hadde skrive då orkanen Bob råka Long Island medan McCartney var der i 1991,[3][4] og «Great Day», med korvokal frå kona Linda McCartney,[4] kom frå ei innspeling i 1992[5][3] sjølv før Off the Ground hadde kome ut. Frå 1995 og dei neste fire åra[6] var McCartney oppteken med The Beatles Anthology, som dokumenterte soga til The Beatles.[7] Dokumentaren heitte The Long and Winding Road, kalla opp etter Beatles-songen med same namn.[7] Frå 1995 kom Anthology-albuma ut over ein toårsperiode, og EMI ønskte ikkje å gje ut nokre soloalbum av Mccartney i mellomtida.[1] McCartney sa han «var nesten fornærma i byrjinga» før han forstod at «det var dumt å konkurrere mot seg sjølv og The Beatles. Så eg gjekk med på tanken deira.[1] McCartney var oppteken med Standing Stone i mellomtida.[1]

Tittelen Flaming Pie er ein referanse til ein anekdote som John Lennon forlate i ein artikkel i Mersey Beat i 1961 om opphavet til namnet The Beatles: «Det kom i eit syn - ein mann dukka opp på ein pai i flammer (flaming pie) og sa til dei, 'frå i dag er de Beatles med ein A.'»[1][8]

Innspeling og struktur endre

Frå og med februar 1995 slo McCartney seg saman med Jeff Lynne,[9] frontmann og produsent frå Electric Light Orchestra, som var ein lidenskapleg Beatles-fan. Lynne hadde tidlegare arbeidd med Beatles-medlemmet George Harrison i 1987 på albumet hans Cloud Nine og i Traveling Wilburys, og var òg medprodusent på «Free as a Bird» og «Real Love» for Anthology-prosjektet. Planen var å produsere noko reint og enkelt - og utan utførleg produksjon. McCartney spelte inn albumet sporadisk over to år, og arbeidde ikkje berre med Lynne, men òg med Steve Miller,[10] George Martin, Ringo Starr og sonen James McCartney,[1] som spelte sologitar på «Heaven on a Sunday».[4]

Utgjeving og mottaking endre

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic     [11]
Deseret News(særs positiv)[12]
Encyclopedia of Popular Music     [13]
The Great Rock Diskografi6/10[14]
Los Angeles Times    [15]
MusicHound     [16]
The New York Times(middels)[17]
Q     [18]
Rolling Stone     [19]

Albumet fekk gode meldingar då det kom ut i mai 1997. Med fersk kredibilitet, sjølv hos yngre fans som vart introduserte for McCartney gjennom Anthology-prosjektet,[1] debuterte albumet på andreplassen i Storbritannia. Berre Spice Girls-albumet Spice heldt albumet unna topplassen.[20] Flaming Pie fekk òg positiv respons i USA,[21] der det vart det første Topp 10-albumet til McCartney sidan Tug of War.[22] Flaming Pie selde 121 000 eksemplar den første veka i USA og nådde andreplassen der òg, igjen bak Spice Girls.[21][23]

Albumet selde til gullplate i Storbritannia, USA og Noreg.[24] I følgje Nielsen SoundScan hadde albumet seld over 1,5 millionar eksemplar verda over i juni 2007.[25] Singlane «Young Boy», «The World Tonight» og «Beautiful Night» vart alle hittar i Storbritannia og nådde Top 40 på singelista. Den einaste singelen frå albumet i USA var «The World Tonight»,[26] som kom ut 17. april 1997,[1] og nådde Topp 30 på Billboard mainstream rock-lista.[27] For å marknadsføre albumet heldt McCartney ein nettprat på nettet, og hendinga gjekk inn i Guinness rekordbok for flest folk i eit samtalerom på nettet samstundes.[28]

In the World Tonight var ein film om korleis albumet vart laga, og vart send på britiske ITV og amerikanske VH1 då albumet kom ut.[21] Albumet vart nominert til Grammyprisen for årets album, men tapte for Bob Dylan sitt Time Out of Mind.[29]

Innhald endre

Alle songar er skrivne av Paul McCartney, utanom der andre er nemnde..

Nr.TittelLengd
1.«The Song We Were synging»3:55
2.«The World Tonight»4:06
3.«If You Wanna»4:38
4.«Somedays»4:15
5.«Young Boy»3:54
6.«Calico Skies»2:32
7.«Flaming Pie»2:30
8.«Heaven on a Sunday»4:27
9.«Used to Be Bad» (duett med Steve Miller, skriven av Miller og McCartney)4:12
10.«Souvenir»3:41
11.«Little Willow»2:58
12.«Really Love You» (McCartney, Richard Starkey)5:18
13.«Beautiful Night»5:09
14.«Great Day»2:09

Medverkande endre

Personell per CD-heftet.[30]

Musikarar

  • Orkester på «Beautiful Night»:
    • David Snell – dirigent
    • John Barclay, Andrew Crowley, Mark Bennett – trompet
    • Richard Edwards, Andy Fawbert – trombone
    • Michael Thompson, Richard Watkins, Nigel Black – horn
    • Marcia Crayford, Adrian Levin, Belinda Bunt, Bernard Patridge, Jackie Hartley, Keith Pascoe, David Woodcock, Roger Garland, Julian Tear, Briony Shaw, Rita Manning, Jeremy Williams, David Ogden, Bogustav Kostecki, Maciej Rakowski, Jonathan Rees – fiolin
    • Robert Smissen, Stephen Tess, Levine Andrade, Philip Dukes, Ivo Van Der Werff, Graeme Scott – bratsj
    • Anthony Pleeth, Stephen Orton, Martin Loveday, Robert Bailey – cello
    • Chris Laurence, Robin McGee – kontrabass
    • Susan Milan – fløyte
    • David Theodore – obo
Produksjon
  • Paul McCartney, Jeff Lynne, George Martin – produsentar
  • Geoff Emerick, Jon Jacobs, Bob Kraushaarlydteknikarar
  • Keith Smith, Frank Farrell – assisterande lydteknikarar
  • Marc Mann – digital sekvensering
  • Geoff Emerick – orkesster-lydteknikar på «Somedays»
  • Geoff Foster – assisterande lydteknikar på «Somedays»
  • Geoff Emerick, Jon Jacobs, Peter Cabbin – lydteknikar på «Beautiful Night»
  • Paul Hicks – assisterande lydteknikar på «Beautiful Night»

Salslister og salstrofé endre

Vekeslister endre

Liste (1997) Plassering
Australian ARIA Albums Chart[31] 9
Den austerrikske albumlista[32] 6
Den belgiske albumlista (Flandern)[33] 19
Den belgiske albumlista (Vallonia)[34] 29
Den kanadiske albumlista[35] 10
Den danske albumlista[36] 4
Den nederlandske albumlista[37] 9
European Albums Chart[36] 3
Den finske albumlista[38] 28
Den franske SNEP-lista[39] 23
Den tyske Media Control-lista[40] 6
Den italienske albumlista[36] 3
Den japanske Oricon-lista[41] 14
Den newzealandske albumlista[42] 23
Noreg - VG-lista[43] 3
Den spanske albumlista[36] 5
Den svenske albumlista[44] 11
Den sveitsiske albumlista[45] 10
UK Albums Chart[46] 2
US Billboard 200[47] 2

Årslister endre

Liste (1997) Plassering
Den tyske albumlista[48] 79
Den italienske albumlista[49] 71
UK Albums Chart[50] 82
US Billboard 200 Year-end[51] 138

Salstrofé endre

Region Salstrofé Salstal
Japan (RIAJ)[52] Gull 65,000[53]
Noreg(IFPI Noreg)[54] Gull 25 000*
Storbritannia (BPI)[55] Gull 140,000[50]
USA (RIAA)[56] Gull 676,000[25]

^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 1,7 Duffy, Thom (12 April 1997). «McCartney Let Loose on Capitol's 'Flaming Pie' Set». Billboard 109 (15): 76. 
  2. Flaming Pie (booklet). Paul McCartney. Parlophone, EMI. 1997. 
  3. 3,0 3,1 Benitez, Vincent P. (2010). The Words and Music of Paul McCartney: The Solo Years. Santa Barbara, Calif.: Praeger. s. 146. ISBN 978-0-313-34969-0. 
  4. 4,0 4,1 4,2 Duffy, Thom (12 April 1997). «Album Track Previews». Billboard 109 (15): 76. 
  5. «The McCartney Recording Sessions – 1992». Arkivert frå originalen 4. mars 2016. Henta 23. mai 2018. 
  6. Miles, Barry (1997). Paul McCartney: Many Years from Now (1st Hardcover utg.). Henry Holt & Company. s. 218–219. ISBN 978-0-8050-5248-0. 
  7. 7,0 7,1 Clayson, Alan (2003). Paul McCartney. London: Sanctuary. s. 241. ISBN 978-1-86074-482-2. 
  8. Sennett, Sean; Groth, Simon, red. (2010). Off the Record: 25 Years of Music Street Press ([Online-Ausg.]. utg.). St. Lucia, Qld.: University of Queensland Press. s. 232. ISBN 978-0-7022-4653-1. 
  9. Carlin, Peter Ames (2010). Paul McCartney: A Life (illustrated utg.). New York: Simon & Schuster. s. 306. ISBN 978-1-4165-6223-8. 
  10. Clayson, Alan (2003). Paul McCartney. London: Sanctuary. s. 253–254. ISBN 978-1-86074-482-2. 
  11. Flaming PieAllmusic
  12. Boren, Ray (18. juni 1989). «McCartney's 'Flaming Pie' sparkles with retro-Beatles pop-rock charm». Deseret News. Arkivert frå originalen 24. oktober 2012. Henta 22. mai 2018. 
  13. Larkin, Colin (2006). The Encyclopedia of Popular Music (4th edn). New York, NY: Oxford University Press. s. 1257. ISBN 0-19-531373-9. 
  14. «Paul McCartney Flaming Pie». Acclaimed Music. Arkivert frå originalen 9. juni 2016. Henta 23. mai 2018. 
  15. Gardner, Elysa (25. mai 1997). «McCartney Bounces Back in Fab Form». Los Angeles Times. Henta 22. mai 2018. 
  16. Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 730. ISBN 1-57859-061-2.
  17. Strauss, Neil (20. mai 1997). «Stars Adrift: Further Out, Further In (Page 2)». The New York Times. Henta 22. mai 2018. 
  18. «Paul McCartney Flaming Pie». Q. June 1997. s. 130. 
  19. DeCurtis, Anthony (26. juni 1997). «Paul McCartney Flaming Pie Album Review». Rolling Stone. s. 54. Arkivert frå originalen 5. august 2012. Henta 23. mai 2018. 
  20. «UK Albums Chart – 17. mai 1997». The Official Charts Company. Arkivert frå originalen 22. mai 2018. Henta 8. januar 2010. 
  21. 21,0 21,1 21,2 Taylor, Chuck (14. juni 1997). «Capitol, EMI Ignite Global Charts With McCartney's 'Pie'». Billboard 109 (24): 87. 
  22. McGee, Garry (2003). Band on the Run: A History of Paul McCartney and Wings. Lanham, MD: Rowman & Littlefield. s. 155. ISBN 978-0-87833-304-2. 
  23. «'Flaming Pie' Is Hot». The Los Angeles Times. 5. juni 1997. Henta 23. mai 2018. 
  24. «IFPI Norsk platebransje». Arkivert frå originalen 24. juli 2011. Henta 23. mai 2018. 
  25. 25,0 25,1 «Paul McCartney's new album «Memory Almost Full» will be released June 5 in North America». Billboard. Arkivert frå originalen 26. september 2007. Henta 16. juni 2007. 
  26. «Paul McCartney – The World Tonight (CD)». Discogs.com. Henta 27. februar 2013. 
  27. «Paul McCartney – Chart history». Billboard. Henta 3. mars 2013. 
  28. Glaser, Mark (19. mai 1997). «Paul McCartney: Here, There and Everywhere». The Los Angeles Times. Henta 22. mai 2018. 
  29. «Grammy Nominations Yield Surprises, Including Newcomer's Success». The New York Times. 7. januar 1998. Henta 22. mai 2018. 
  30. Flaming Pie (Booklet). Paul McCartney. MPL Communications / Parlophone, EMI. 1997. 724385650024, CDPCSD 171. 
  31. «australian-charts.com Paul McCartney – Flaming Pie» (ASP). Australian Recording Industry Association. Henta 23. mai 2018. 
  32. «Paul McCartney – Flaming Pie – austriancharts.at» (ASP) (på tysk). Henta 23. mai 2018. 
  33. «ultratop.be – Paul McCartney – Flaming Pie» (ASP). ultratop.be/nl, Hung Medien. Ultratop. Henta 22. mai 2018. 
  34. «ultratop.be – Paul McCartney – Flaming Pie» (ASP). ultratop.be/nl, Hung Medien. Ultratop. Henta 22. mai 2018. 
  35. «Hits of the World». Billboard: 44. 14. juni 1997. Henta 23. mai 2018. 
  36. 36,0 36,1 36,2 36,3 «Hits of the World». Billboard: 64. 14. juni 1997. Henta 23. mai 2018. 
  37. «Paul McCartney – Flaming Pie» (ASP). dutchcharts.nl (på nederlandsk). MegaCharts. Henta 23. mai 2018. 
  38. «Paul McCartney – Chaos And Creation in the Backyard» (ASP). finnishcharts.com. Henta 23. mai 2018. 
  39. «lescharts.com Paul McCartney – Flaming Pie» (ASP). lescharts.com. SNEP. Henta 23. mai 2018. 
  40. «Album Search: Paul McCartney» (ASP) (på tysk). Media Control. Henta 23. mai 2018. 
  41. ポール・マッカートニー-リリース-ORICON STYLE-ミュージック «Highest position and charting weeks of Flaming Pie by Paul McCartney» Check |url= value (hjelp). oricon.co.jp. Oricon Style. Henta 23. mai 2018. 
  42. «charts.org.nz – Paul McCartney – Flaming Pie». Recording Industry Association of New Zealand. Arkivert frå originalen (ASP) 5. januar 2017. Henta 23. mai 2018. 
  43. «norwegiancharts.com Paul McCartney – Flaming Pie» (ASP). Henta 23. mai 2018. 
  44. «swedishcharts.com Paul McCartney – Flaming Pie» (ASP). Sverigetopplistan. Henta 23. mai 2018. 
  45. «Paul McCartney – Flaming Pie – hitparade.ch» (ASP) (på tysk). Henta 23. mai 2018. 
  46. «Chart Stats Paul McCartney – Flaming pie» (PHP). The Official Charts Company. Henta 2. februar 2012. 
  47. «allmusic ((( Flaming Pie > Charts & Awards > Billboard Albums )))». allmusic.com. Henta 23. mai 2018. 
  48. «Top 100 Album-Jahrescharts» (på tysk). GfK Entertainment. Henta 8. september 2016. 
  49. «Hit Parade Italia – Gli album più venduti del 1997» (på italiensk). hitparadeitalia.it. Henta 22. mai 2018. 
  50. 50,0 50,1 «UK best albums 1997». Arkivert frå originalen 22. mai 2018. Henta 23. mai 2018. 
  51. «1997 Top Billboard 200 Albums». allbusiness.com. Henta 5. november 2010. 
  52. «RIAJ > The Record > July 1997 > Page 7 > Certified Awards (May 1997)» (PDF). Recording Industry Association of Japan (på japansk). Henta 23. mai 2018. 
  53. Oricon Album Chart Book: Complete Edition 1970–2005. Roppongi, Tokyo: Oricon Entertainment. 2006. ISBN 4-87131-077-9. 
  54. «Norwegian album salstrofé – Paul McCartney – Flaming Pie» (på norsk). IFPI Norway. 
  55. «British album salstrofé – Paul McCartney – Flaming Pie». British Phonographic Industry.  Enter 'Flaming Pie' in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  56. «American album salstrofé – Paul McCartney – Flaming Pie». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH

Bakgrunnsstoff endre