Opna hovudmenyen
Off the Ground
Studioalbum av Paul McCartney
Utgjeve 2. februar 1993
Innspelt September 1991–30. juni 1992
Studio The Mill Studio i Sussex; Hit Factory Studios i London
Sjanger Rock
Lengd 50:25
Selskap Parlophone (Storbritannia)
Capitol (USA)
Produsent Paul McCartney, Julian Mendelsohn
Paul McCartney-kronologi
Paul McCartney's Liverpool Oratorio
(1991)
Off the Ground Paul Is Live
(1993)
Singlar frå Off the Ground
  1. «Hope of Deliverance»
    Utgjeve: 28. desember 1992
  2. «C'Mon People»
    Utgjeve: 22. februar 1993 (berre Storbritannia)
  3. «Off the Ground»
    Utgjeve: 19. april 1993
  4. «Biker Like an Icon»
    Utgjeve: 8. november 1993

Off the Ground er det niande studioalbumet til Paul McCartney, gjeve ut i 1993. Det var det første studioalbumet hans i 1990-åra og ein oppfølgjar til det kritikarroste Flowers in the Dirt (1989).

Innhaldsliste

Innspeling og strukturEndra

Etter å ha planlagd ein verdsturné kalla The New World Tour i 1993 for å marknadsføre albumet, valte McCartney å spele inn Off the Ground med turnébandet sitt. Blair Cunningham kom med på trommer i staden for Chris Whitten, som hadde slutta for å bli med i Dire Straits.

McCartney valte å spele inn albumet «live i studio», som tydde at bandet måtte øve inn kvar song, og så spele dei inn frå A til Å, i staden for å spele inn dei forskjellige instrumental og vokalspora kvar for seg. Dette gav ei ny, fersk og direkte kjensle i musikken, men vart ikkje veldig godt motteke av kritikarane.

Komposisjonane var mindre kompliserte enn på Flowers in the Dirt, og somme av dei hadde vore unytta songar frå tidlegare album. «Mistress and Maid» og «The Lovers That Never Were» vart skriven av McCartney i samarbeid med Elvis Costello på slutten av 80-talet, og fleire av desse songane var blitt nytta på Flowers in the Dirt. Men i motsetnad til dette albumet, spelar ikkje Costello på Off the Ground.

Dei to første songane som vart spelte inn var «Biker Like an Icon» og «Peace in the Neighbourhood», som begge kom frå øvingar i november 1991.[1]

Det aukande samfunnsengasjementet til McCartney kom til syne på dette albumet med antidyreplageri-songen «Looking for Changes» (McCartney og kona Linda hadde begge lenge vore vegetarianarar) eller songar om ei betre verd («Hope of Deliverance» og «C'Mon People»). B-sida «Big Boys Bickering» skjelde ut politikarar der linja «Big boys bickering, fucking it up for everyone» synte ei meir aggressiv side for McCartney.

På CD-utgåva var eit løynd spor, eit kort utdrag av «Cosmically Conscious», som opphavleg vart skriven av McCartney i 1968 då The Beatles drog til India. Heile versjonen vart gjeven ut som B-sida til «Off the Ground» og kom seinare ut på Off the Ground: The Complete Works.

Utgjeving og mottakingEndra

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic     [2]
Chicago Tribune(positiv)[3]
Encyclopedia of Popular Music     [4]
Entertainment WeeklyC–[5]
The Essential Rock Diskografi4/10[6]
Houston Chronicle     [7]
Los Angeles Times    [8]
MusicHound     [9]
The New York Times(positiv)[10]
Q     [11]
Rolling Stone     [12]
The Rolling Stone Album Guide     [13]

Den første singelen frå albumet, «Hope of Deliverance», kom ut den siste veka i desember 1992 og albumet kom ut 2. februar 1993.[14] Off the Ground var det første Paul McCartney-albumet utan store hittar i Amerika sidan Wings-albumet Wild Life i 1971. Den første singelen nådde 18. plassen i Storbritannia, der «C'Mon People» òg vart ein mindre hit. I USA gjekk tittelsporet på albumet inn på Adult Contemporary-lista på ein 27. plass. Andre stader vart «Hope of Deliverance» ein større suksess. Det vart den første internasjonale hitten til McCartney sidan «Say, Say, Say» med Michael Jackson i 1983, og nådde topp 5 i fleire europeiske land, og selde 250 000 eksemplar berre i Tyskland.

I Storbritannia debuterte albumet på femteplassen, men fall raskt ut av lista. Etter berre seks veker var albumet ute av Topp 100.[15] I USA nådde albumet 17. plassen på Billboard 200 og selde berre 53 000 eksemplar den første veka, men klarte etter kvart å oppnå gullplate-status der.[16] Sjølv om det vart møtt med lunkne kritikarar og nokså dårlege salstal i Storbritannia og Nord-Amerika, gjorde albumet det langt betre i Europa. I somme land, som Frankrike og Japan, selde dette albumet meir enn føregangaren Flowers in the Dirt.[17][18] I Tyskland er Off the Ground det mestseljande albumet til McCartney, og det låg 20 veker på Topp 10 og selde til slutt til platinaplate for over ein halv million selde eksemplar.[19]

Somme veker etter albumet kom ut, drog McCartney i gang The New World Tour, som tok han verda rundt på sommaren. Konsertopptak frå turneen kom ut på konsertalbumet Paul Is Live mot slutten av 1993.

InnhaldEndra

Alle songar er skrivne av Paul McCartney, utanom der andre er nemnde. 

# Tittel Lengd
1. «Off the Ground»   3:40
2. «Looking for Changes»   2:47
3. «Hope of Deliverance»   3:22
4. «Mistress and Maid» (Paul McCartney, Declan MacManus) 3:00
5. «I Owe It All to You»   4:51
6. «Biker Like an Icon»   3:26
7. «Peace in the Neighbourhood»   5:06
8. «Golden Earth Girl»   3:45
9. «The Lovers That Never Were» (Paul McCartney, Declan MacManus) 3:43
10. «Get Out of My Way»   3:32
11. «Winedark Open Sea»   5:27
12. «C'Mon People» (sluttar på 5:46 og etter seks sekund med stille kjem eit klipp av 'Cosmically Conscious' som eit løynd spor.) 7:42
50:25
Bonusspor på iTunes Store (2007)
# Tittel Lengd
13. «I Can't Imagine»   4:40

Off the Ground: The Complete WorksEndra

Off the Ground: The Complete Works er ei dobbelplate som kom ut i Tyskland og Nederland. Den førte plata inneheld det originale albumet, medan den andre plata er ei samling av B-sider og andre songar som ikkje kom på albumet. Det inneheldt òg to songar som ikkje kom ut på MTV Unplugged-konserten hans i 1991, «Things We Said Today» og «Midnight Special».

Trass i tittelen manglar samlinga to B-sider og tre remixar: «Deliverance» og «Deliverance (Dub Mix)».

Off the Ground: The Complete Works er ikkje lenger tilgjengeleg.

Alle songar er skrivne av Paul McCartney, utanom der andre er nemnde. 

Off the Ground: The Complete Works - Plate to
# Tittel Lengd
1. «Long Leather Coat» (Paul McCartney, Linda McCartney) 3:35
2. «Keep Coming Back to Love» (Paul McCartney, Hamish Stuart) 5:01
3. «Sweet Sweet Memories»   4:03
4. «Things We Said Today» (Lennon–McCartney) 3:38
5. «Midnight Special» (Arrangement etter «Lead Belly» Ledbetter, Alan Lomax) 4:03
6. «Style Style»   6:01
7. «I Can’t Imagine»   4:40
8. «Cosmically Conscious»   4:39
9. «Kicked Around No More»   5:29
10. «Big Boys Bickering»   3:22
11. «Down to the River»   3:32
12. «Soggy Noodle»   0:28
47:25

MedverkandeEndra

SalslisterEndra

VekeslisterEndra

Liste (1993) Plassering
Australske ARIA Albums Chart[20] 8
Den austerrikske albumlista[21] 4
Kanadiske RPM-lista[22] 22
Den nederlandske albumlista[23] 5
European Albums Chart[24] 2
Den franske SNEP-lista[25] 13
Den tyske Media Control-lista[26] 2
Den ungarske albumlista[27] 21
Den italienske albumlista[28] 5
Den japanske Oricon-lista[29] 5
Den newzealandske albumlista[30] 4
Noreg - VG-lista[31] 2
Den spanske albumlista[24] 3
Den svenske albumlista[32] 10
Den sveitsiske albumlista[33] 5
UK Albums Chart[34] 5
USA Billboard 200[35] 17

ÅrslisterEndra

Liste (1993) Plassering
Den austerrikske albumlista[36] 23
Den franske albumlista[37] 68
Den italienske albumlista[28] 34
Den japanske albumlista[18] 192

SalstroféEndra

Region Salstrofé Salstal
Australia (ARIA)[38] Gull 35 000^
Austerrike (IFPI Austerrike)[39] Gull 25 000x
Canada (Music Canada)[40] Gull 50 000^
Frankrike (SNEP)[41] Gull 167,400[17]
Tyskland (BVMI)[42] Platina 500 000^
Japan (RIAJ)[43] Gull 92,000[18]
Spania(PROMUSICAE)[44] Platina 100 000^
Sveits(IFPI Switzerland)[45] Gull 25 000x
Storbritannia (BPI)[46] Sølv 60 000^
USA (RIAA)[47] Gull 500 000^

^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

KjelderEndra

  1. Luca Perasi, Paul McCartney: Recording Sessions (1969–2013), L.I.L.Y. Publishing, 2013, ISBN 978-88-909122-1-4.
  2. Off the GroundAllmusic
  3. Kot, Greg (5. februar 1993). «PMccartney Back on Top of His Pop Material». Chicago Tribune. Henta 23. mai 2018. 
  4. Larkin, Colin (2006). The Encyclopedia of Popular Music (4th edn). New York, NY: Oxford University Press. s. 1257. ISBN 0-19-531373-9. 
  5. Altman, Billy (12. februar 1993). «Off the Ground Review». Entertainment Weekly. Henta 22. mai 2018. 
  6. Strong, Martin C. (2006). The Essential Rock Diskografi. Edinburgh, UK: Canongate. s. 696. ISBN 978-1-84195-827-9. 
  7. Racine, Martin (9. februar 1993). «Nice & friendly/Mushy Paul McCartney finally gets off the ground and Wings it». Houston Chronicle. Henta 23. mai 2018. 
  8. Hochman, Steve (7. februar 1993). «Paul McCartney – «Off the Ground» (Capitol)». Los Angeles Times. Henta 23. mai 2018. 
  9. Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 730. ISBN 1-57859-061-2.
  10. Kozinn, Allan (14. februar 1993). «RECORDINGS VIEW; Paul McCartney Reaches for Past Glory». The New York Times. Henta 22. mai 2018. 
  11. Hepworth, David (March 1993). «New LPs: Paul McCartney Off the Ground». Q. s. 93. 
  12. Puterbaugh, Parker (18. februar 1993). «Off the Ground by Paul McCartney». Arkivert frå originalen 16. april 2009. Henta 16. april 2008Mal:Inconsistent citations 
  13. «Paul McCartney: Album Guide». rollingstone.com. Arkivert frå originalen 4. juli 2014. Henta 22. mai 2018. 
  14. Calkin, Graham. «Off The Ground». Jpgr.co.uk. Henta 22. mai 2018. 
  15. «Paul McCartney UK Album Chart listings». UK Albums Chart. Henta 23. mai 2018. 
  16. «Can't Buy Me Love? How About an Album?». Los Angeles Times. 26. mai 1997. Henta 23. mai 2018. 
  17. 17,0 17,1 «Les Albums Or». infodisc.fr. Arkivert frå originalen 23. mai 2018. Henta 22. mai 2018. 
  18. 18,0 18,1 18,2 Oricon Album Chart Book: Complete Edition 1970–2005. Roppongi, Tokyo: Oricon Entertainment. 2006. ISBN 4-87131-077-9. 
  19. «McCartney, Paul – Off The Ground». www.musicline.de. hitparade.ch. Henta 22. mai 2018. 
  20. «australian-charts.com Paul McCartney – Off The Ground». Australian Recording Industry Association. Henta 22. mai 2018. 
  21. «Paul McCartney – Off The Ground – austriancharts.at». Henta 22. mai 2018. 
  22. «Top Albums/CDs - Volume 57, No. 8» (PHP). RPM. 6. mars 1993. Henta 22. mai 2018. 
  23. «dutchcharts.nl Paul McCartney – Off The Ground». dutchcharts.nl. Henta 23. mai 2018. 
  24. 24,0 24,1 Nielsen Business Media, Inc (1993-03-13). Billboard – 13. mars 1993. Henta 22. mai 2018. 
  25. «InfoPlate : Tous les Albums classés par Artiste > Choisir Un Artiste Dans la Liste». infodisc.fr. Arkivert frå originalen 28. desember 2010. Henta 22. mai 2018. 
  26. «Album Search: Paul McCartney - Off The Ground» (ASP) (på tysk). Media Control. Henta 22. mai 2018. 
  27. «Den ungarske albumlista». Mahasz.hu. Arkivert frå originalen 8. januar 2013. Henta 3. desember 2009. 
  28. 28,0 28,1 «Hit Parade Italia – Gli album più venduti del 1993» (på italiensk). hitparadeitalia.it. Henta Den japanske Oricon-lista. 
  29. «ポール・マッカートニー-リリース-ORICON STYLE-ミュージック» [Highest position and charting weeks of Off the Ground by Paul McCartney] (på Japanese). oricon.co.jp. Henta Den japanske Oricon-lista. 
  30. «charts.org.nz Paul McCartney – Off The Ground». Recording Industry Association of New Zealand. Henta 22. mai 2018. 
  31. «norwegiancharts.com Paul McCartney – Off The Ground». Henta 22. mai 2018. 
  32. «swedishcharts.com Paul McCartney – Off The Ground». Sverigetopplistan. Henta 22. mai 2018. 
  33. «Paul McCartney – Off The Ground – hitparade.ch». Henta Den japanske Oricon-lista. 
  34. «Paul McCartney: Artist: Official Charts». Official Chart Company. Henta 22. mai 2018. 
  35. «Allmusic: Off The Ground: Charts & Awards: Billboard Albums». AllMusic. Henta 22. mai 2018. 
  36. «Austriancharts.st – Jahreshitparade 1982». Hung Medien. Henta 22. mai 2018. 
  37. «Les Albums (CD) de 1993 par InfoPlate» (på fransk). infodisc.fr. Arkivert frå originalen (PHP) 23. oktober 2014. Henta 22. mai 2018. 
  38. «ARIA Charts – Accreditations – 1993 Albums». Australian Recording Industry Association. 
  39. «Austrian album salstrofé – Paul McCartney – Off the Ground» (på tysk). IFPI Austerrike.  Enter Paul McCartney in the field Interpret. Enter Off the Ground in the field Titel. Select album in the field Format. Click Suchen
  40. «Canadian album salstrofé – Paul McCartney – Off the Ground». Music Canada. 
  41. «French album salstrofé – Paul McCartney – Off the Ground» (på fransk). InfoDisc.  Select PAUL MCCARTNEY and click OK
  42. «Gold-/Platin-Datenbank (Paul McCartney; 'Off the Ground')» (på tysk). Bundesverband Musikindustrie. 
  43. «Japanese album salstrofé – ポール・マッカートニー – オフ・ザ・グラウンド» (på japansk). Recording Industry Association of Japan. 
  44. «Solo Exitos 1959–2002 Ano A Ano: Certificados 1991–1995». Solo Exitos 1959–2002 Ano A Ano. 
  45. «The Official Swiss Charts and Music Community: Awards (Paul McCartney; 'Off the Ground')». Hung Medien. 
  46. «British album salstrofé – Paul McCartney – Off the Ground». British Phonographic Industry.  Enter Off the Ground in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  47. «American album salstrofé – Paul McCartney – Off the Ground». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH