Strinda kyrkje

kyrkje i Trondheim

Strinda kyrkje (også kjent som Moholt kyrkje) er ei kyrkje frå 1900 i Trondheim kommune i Sør-Trøndelag. I det ytre ser kyrkja ut til å vere ei krosskyrkje med svært korte tverrarmar, men ho er innreia som langkyrkje.[1]

Strinda kyrkje
kyrkje
Foto: Henny Stokseth
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Nidaros
Prosti Strinda
Sokn Strinda
Fellesråd Trondheim
Arkitekt Lars Solberg og Johan Christensen
Byggmeister O.A. Henriksen
Material Tre
Innvigd 18. oktober 1900
 - Endringar Rest. 1935, 1952, 1999–2000 og 2011–12
Tårn I sør
Kyrkjegard Ja
Kart
Strinda kyrkje
63°24′47″N 10°26′39″E / 63.4131°N 10.4443°E / 63.4131; 10.4443
Wikimedia Commons: Strinda kirke

Strinda kyrkje vart bygd på Vestre Moholt etter lang planleggingstid. Vigslinga skjedde 18. oktober 1900. Arkitektar var Lars Solberg og Johan Christensen. Snikkar O. A. Henriksen bygde kyrkja for 33.500 kroner.

Byggverket er i tre og har 500 sitjeplassar.

Moholt kyrkjegård ligg ved kyrkja. Nord for kyrkja er Moholt krematorium.[2]

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  1. Sjå t.d. bilete hos malarmeister som stod for oppussing av kyrkjesalen i 2017.
  2. Trondheim kyrkjelege fellesråd om Moholt krematorium.