Strinda prosti er eit tenestedistrikt i Nidaros bispedømme i Den norske kyrkja. Prosten har sete i Trondheim kor Strinda kyrkje er prostikyrkje.[1]

Strinda kyrkje
Foto: Henny Stokseth

Prostiet er inndelt i sokn. Soknet er grunneininga i Den norske kyrkja. Dei som arbeider i kyrkja er anten tilsette av soknet gjennom kyrkjeleg fellesråd, eller dei er tilsette i prostiet. Dei fleste prestane er tilsette i prostiet, og har tenesta si knytt til eit eller fleire sokn.

Fram til 2004 var prestetenesta lokalt organisert i prestegjeld.

Sokn i Strinda prosti endre

  • Strinda (tidlegare prestegjeld) med
    • Strinda sokn
    • Berg sokn
  • Hoeggen (tidlegare prestegjeld) med
    • Hoeggen sokn
  • Tempe (tidlegare prestegjeld) med
    • Tempe sokn
    • Bratsberg sokn
  • Strindheim (tidlegare prestegjeld) med
    • Strindheim sokn
  • Ranheim (tidlegare prestegjeld) med
    • Ranheim sokn
    • Charlottenlund sokn

Sjå òg endre

Referansar endre

  1. Strinda kyrkje frå Kyrkjesøk

Bakgrunnsstoff endre