Stripemuslingkreps
Stripemuslingkreps (Cypridopsis vidua) er ein muslingkreps med markerte tverrstriper. Han lever i ei rad ulike habitat; til dømes i småe næringsrike dammar eller grøfter på dyrka mark om sumaren, og i fjellet. Stripemuslingkreps økslar berre med jomfrufødsel.
Stripemuslingkreps | |
Stripemuslingkreps Foto: Markus Lindholm, Anders Hobæk/Norsk institutt for vassforsking
| |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Leddyr Arthropoda |
Klasse: | Muslingkreps Ostracoda |
Orden: | Podocopida |
Familie: | Cyprididae |
Slekt: | Cypridopsis |
Art: | Stripemuslingkreps C. vidua |
Vitskapleg namn | |
Cypridopsis vidua (O.F. Müller, 1776)
|
Stripemuslingkrepsar har lange symjehår og er soleis tilpassa symjing. Dei er ofte på farten mellom algar og vassplantar. Røyne syner at dei nyttar tettveksande matter av algar som skjul for å verna seg mot veidande fisk.
I Noreg er stripemuslingkreps ein av dei vanlegaste muslingkrepsartane. Han er særs vanleg over heile Austlandet og er dessutan regelmessig observert på Vestlandet. Han er funne ved 1 100 meters høgd på Ringebufjellet og er elles støtt observert i fjellet i Sør-Noreg.
Kjelder
endre- Denne artikkelen nyttar som kjelde og kan innehalda tekst og formuleringar frå artikkelen Stripemuslingkreps - Cypridopsis vidua skriven av Markus Lindholm. Artikkelen vart utgjeven av Norsk institutt for vassforskning under lisensen CC BY 4.0. Henta 25. juli 2016.