Vulkanar i Italia
Italia er eit vulkansk aktivt land med den einaste aktive vulkanen på det europeiske fastlandet. Denne vulkanske aktiviteten kjem hovudsakleg av at grensa mellom den eurasiatiske plata og den afrikanske plata ligg like sør for landet. Magma som bryt ut frå vulkanane i Italia meiner ein kjem frå ei oppoverretta kraft av stein som er smelta ved subduksjon av ei plate under den andre.
Ein har tre hovudgrupper med vulkansk aktivitet i Italia. Ei linje med vulkanar går nordvestover langs dei sentrale delane av det italienske fastlandet (sjå den campanianske vulkanbogen), ei gruppe nordaust for Sicilia og ei anna gruppe rundt øya Pantelleria i Middelhavet.
Aktive vulkanar
endreTre av vulkanane i Italia har hatt utbrot dei siste hundre åra:
Sovande vulkanar
endreMinst ni andre vulkansenter har hatt utbrot i historisk tid, inkludert nokre undersjøiske vulkanar. I rekkefølgje etter dei nyaste utbrota er desse:
- Pantelleria, utanfor kysten av Tunisia, truleg var det siste utbrotet rundt år 1000 f.Kr. Det var eit undersjøisk utbrot nokre kilometer lenger nordaust for øya i 1891, som truleg var forbunde til hovudvulkanen.
- Vulcano, ei anna av Dei eoliske øyane. Det siste utbrotet kom i 1888-1890.
- Den kortvarige Isola Ferdinandea som hadde utbrot eit par kilometer nordvest for Pantelleria i 1831 og danna ei øy på 63 meter over havet. Ho vart derimot erodert bort alt i 1835. Toppen av vulkanen er i dag eit par meter under overflata. Fleire mindre jordskjelv med senter rundt denne vulkanen i 2002 kan ha oppstått som følgje av at magma flytta seg under vulkanen, men så langt har det ikkje vore nokre utbrot.
- Vulcanello er ein liten vulkan forbunde til øya Vulcano via eit lite eid. Denne oppstod ut av havet i år 183 f.Kr. og viste stundom aktivitet fram til 1500-talet.
- Campi Flegrei, ein stort kaldera som inneheld dei vestlege områda av Napoli hadde det siste utbrotet sitt i 1538, som danna ei lita tuffkjegle kalla Monte Nuovo («Nytt fjell»).
- Ischia, ei øy 20 km vest for Napoli, siste utbrot i 1302.
- Larderello, sør i Toscana, siste utbrot i 1282 med eit lite freatisk utbrot.
- Lipari, ei øy nokre kilometer frå Vulcano som har ein vulkan som sist hadde utbrot i 729.
- Vulcini nord for Roma, som sist hadde utbrot i 104 f.Kr.
- Roccamonfina, eit vulkankompleks om lag 50 km nord for Napoli, hadde truleg utbrot rundt år 300 f.Kr. med eit brønnutbrot.
Uklåre skildringar om eit utbrot i 114 f.Kr. frå Monte Albano nær Roma finst òg, men det er ikkje funne geologiske spor som stadfestar dette. Truleg hadde denne vulkanen det siste utbrotet sitt for 22 000 år sidan.
Vulkanar i Italia
endreDette er ei liste over aktive og utdøydde vulkanar i Italia.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Volcanism in Italy» frå Wikipedia på engelsk, den 15. november 2007.