Struga
makedonsk: Струга
albansk: Strugë
Svarte Drin renn ut av Ohridsjøen gjennom Struga
Svarte Drin renn ut av Ohridsjøen gjennom Struga
Byvåpenet til Struga
Byvåpenet til Struga
Styresmakter
Land
Statistisk region
Nord-Makedonia
Sørvest
Geografi
Flatevidd
 - By

483 km²
Innbyggjarar
 - By (2002)
   - folketettleik

63 376
  131,2/km²
Koordinatar 41°10′39″N 20°40′44″EKoordinatar: 41°10′39″N 20°40′44″E
Tidssone CET (UTC+1)
Diverse anna
Postnummer 6330
Telefon-retningsnummer +389 246
Heimeside: struga.gov.mk
Plassering
Plasseringa til Struga i Nord-Makedonia
Plasseringa til Struga i Nord-Makedonia

Struga (makedonsk Струга; albansk Strugë) er ein by og ein kommune i regionen Sørvest i Nord-Makedonia. Kommunen fekk sitt noverande omfang i 2004, då dei tidlegare kommunane Delogozjdi, Labunisjta, Lukovo og Velesjta vart innlemma i kommunen.

Kommunen har eit areal på 483 km2 og hadde 63 376 innbyggjarar ved folketeljinga i 2002, den tidlegare kommunen Struga hadde 36 892, medan sjølve byen hadde 16 559 innbyggjarar.[1][2]

Struga ligg ved Ohridsjøen. Elva Svarte Drin renn ut frå Ohridsjøen ved Struga og deler byen i to.

Turisme er ei viktig næring i byen, men Struga er noko rolegare enn den større byen Ohrid som ligg lenger aust på kysten av Ohridsjøen.

Busetnader i kommunenEndra

Dei største busetnadene i kommunen er:[1]

Busetnad Folketal 2002
Struga 16 559
Labunisjta 5 936
Velesjta 5 834
Mislesjevo 3 507
Radolisjta 3 119
Delogozjdi 2 920
Oktisi 2 479
Podgortsi 2 160
Frangovo 1 739
Korosjisjte 1 717
Vranisjte 1 517
Livada 1 485
Kalisjte 1 178
Gorno Tatesji 1 148
Zagratsjani 1 075
Dolna Belitsa 1 026

BakgrunnsstoffEndra

KjelderEndra

ReferansarEndra