Ferdinand de Saussure (1857-1913)

Strukturalistisk fonologi er fonologi som byggjer på den retninga innanfor moderne lingvistikk som heiter strukturalistisk lingvistikk, eller berre strukturalisme. Strukturalismen blei grunnlagd av den sveitsiske lingvisten Ferdinand de Saussure (1857-1913), og er presentert i det posthume verket Cours de linguistique générale (1916).[1]<br\>

Langue og paroleEndra

Ein grunnleggjande idé i strukturalistisk lingvistikk i det heile er at språket (langue hos Saussure) er eit system av teikn, og at dette språksystemet er studieobjektet til lingvistikken, ikkje språkbruken (parole hos Saussure). Eit språksystem eksisterer på eit særskild tidspunkt i historia, og ein må skilje studiet av dette synkrone systemet frå det diakrone studiet, som er ei jamføring av system på ulike historiske stadium.

Syntagmatiske og paradigmatiske relasjonarEndra

I språket står teikna i to relasjonar til kvarandre, ein syntagmatisk relasjon (relasjonen mellom teikn som fylgjer etter kvarandre i tid) og ein paradigmatisk relasjon (relasjonen mellom teikn som kan bytast ut med kvarandre på eitt einskilt punkt langs den syntagmatiske aksen). Båe desse relasjonane er viktige for fonologien, jamvel om den paradigmatiske har spela ei meir sentral rolle. Termen system kan innanfor strukturalistisk lingvistikk definerast som eit sett av einingar som står i ein paradigmatisk relasjon til kvarandre.

Teiknet. Signifiant og signifiéEndra

Teiknet har som tidlegare nemnt eit uttrykk og ei tyding (høvesvis signifiant og signifié hos Saussure), og syntagmatiske og paradigmatiske relasjonar eksisterer mellom språklege einingar på både uttrykks- og tydingssida.

Opposisjon. ValeurEndra

Strukturalistisk fonologi er primært studiet av lydsystem, sett med lydar som står i ein opposisjon (= paradigmatisk relasjon) til kvarandre, og ei eining som inngår i systemet er definert ut frå relasjonen til dei andre einingane i systemet – eininga har ein relativ eller relasjonell verdi (valeur hos Saussure) som er styrd av heilskapen. Fonemet /p/ i norsk er ei anna eining enn fonemet /p/ i cree, fordi dei to fonem inngår i ulike system. Norsk /p/ står mellom anna i opposisjon til fire andre labiale fonem (/b/, /m/, /f/ og /v/), medan /p/ i cree berre står i opposisjon til to andre labiale fonem (/m/ og /w/).<br\>

FotnotarEndra

  1. Ferdinand de Saussure 1916. Cours de linguistique générale. Publié par Charles Bally et Albert Sechehaye ; avec la collaboration de Albert Riedlinger. Paris: Payot.