Stuart Alexander Elliott (fødd 22. mai 1953 i London)[1] er ein engelsk trommeslagar, låtskrivar og produsent. Han var den opphavlege trommeslagaren i Steve Harley and Cockney Rebel og har spelt trommer for artistar som Kate Bush, Al Stewart, The Alan Parsons Project, Roger Daltrey, Paul McCartney, Claudio Baglioni og fleire.

Stuart Elliott
Fødd5. mai 1953 (70 år)
FødestadLondon
OpphavStorbritannia
Instrumenttrommesett
Verka somtrommeslagar, studiomusiker, komponist

Biografi endre

Stuart byrja å interessere seg for trommer alt tre år gammal, då han såg faren, som var jazztrommeslagar, spele.[2]

Med Steve Harley og Cockney Rebel spelte Stuart på tre hitalbum og singelen «Make Me Smile (Come Up and See Me)» som gjekk til topps i Storbritannia, og fire andre topp 10-singlar. I januar 1976 spelte Stuart trommer for Al Stewart-albumet Year Of The Cat. Etter Steve Harley oppløyste Cockney Rebel i 1977, vart Stuart henta inn av Andrew Powell for å spele trommer på debutalbumet til Kate Bush, The Kick Inside. Dette vart det første av fem album med Bush han spelte trommer på. Bush sa om han «han er så lett å arbeide med fordi han veit kva eg likar. Stundom ber eg han til og med bruke cymbalar no! Han har vore gjennom det stadiet der eg berre ikkje klarte å takle cymbalar eller hit-hat»[3] Stuart spelte trommer på hittar som «Babooshka», «Running Up That Hill», «Hounds of Love», «Cloudbusting». Stuart spelte på det tredje albumet til The Alan Parsons Project, Pyramid[4] det første av ti album han spelte på for bandet.[5]

I 1980-åra fortsette Stuart karrieren sin som studiomusikar og spelte mellom anna på Justin Hayward-songen «Suitcase» frå albumet Night Flight i 1980 og Paul McCartney sin No More Lonely Nights. Han spelte på forskjellige TV-show med artistar som Tina Turner, Eric Clapton, Roxy Music og Kate Bush.[6] Han spelte òg med Bryan Adams i musikkvideoen for Roger Daltrey-songen Let Me Down Easy.[7]

Kjelder endre

  1. Moy, Dr Ron (28. januar 2013). Kate Bush and Hounds of Love. Ashgate Publishing, Ltd. ISBN 9781409493709. 
  2. «stuart». www.oocities.org. Henta 5. oktober 2015. 
  3. «Cockney Rebel 1975 Tour Programme (VII)». Excerpts from a 70's Teenage Rock Opera. Henta 5. oktober 2015. 
  4. «Pyramid | The Alan Parsons Project». www.the-alan-parsons-project.com. Henta 13. november 2015. 
  5. «Stuart Elliott Drummer - Official Website - Diskografi». stuartelliott.com. Arkivert frå originalen 22. januar 2016. Henta 13. november 2015. 
  6. «Stuart Elliott Drummer - Official Website - Gallery». stuartelliott.com. Arkivert frå originalen 21. januar 2016. Henta 13. november 2015. 
  7. https://www.youtube.com/watch?v=NT4woGZt5yM, henta 13. november 2015  Missing or empty |title= (hjelp)

Bakgrunnsstoff endre