Andrew Powell
Andrew Powell (fødd 18. april 1949) er ein engelsk komponist, arrangør og artist.
Andrew Powell | |||
Fødd | 18. april 1949 (75 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Surrey | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Instrument | piano | ||
Verka som | dirigent, låtskrivar, musikkprodusent |
Powell arrangerte musikk for mange artistar, som på debutalbumet til Cockney Rebel, og artista rsom Leo Sayer, John Miles, Donovan, Cliff Richard (Miss You Nights), Al Stewart (Modern Times, Year of the Cat, Time Passages, Russians & Americans og Between the Wars), Ambrosia (Somewhere I've Never Traveled), David Gilmour, Chris Rea, Mick Fleetwood, The Hollies, Münchener Freiheit, og andre.
Han står òg oppført som medlem av The Alan Parsons Project på debutalbumet deira (Tales of Mystery and Imagination) i rolla som arrrangør, dirigent og komponist. Han fortsette å arbeide med dei som arrangør og dirigent på alle utanom eitt album. Etter gruppa vart oppløyst fortsette han å arbeide med Alan Parsons.
Powell produserte debutalbumet til Kate Bush, The Kick Inside (1978), med songen Wuthering Heights, og det andre albumet hennar, Lionheart (1978).
Andre artistar han har arbeidd med er mellom andre Chris De Burgh, Nick Heyward, Michael Crawford, Elaine Paige, The Hollies og Kansas.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Andrew Powell» frå Wikipedia på engelsk, den 28. mars 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: