Opna hovudmenyen

Stuck on You av Elvis Presley

Stuck on You
Singel av Elvis Presley
B-side «Fame and Fortune»
Utgjeve 23. mars 1960
Innspelt 21. mars 1960 i RCA Studios i Nashville
Sjanger Rock and roll, rhythm and blues
Lengd 2:18
Selskap RCA
Låtskrivar(ar) J. Leslie McFarland
Aaron Schroeder
Elvis Presley-kronologi
«A Big Hunk o' Love»
(1959)
Stuck on You «It's Now or Never»
(1960)


«Stuck on You» er den første hitsingelen til Elvis Presley han gav ut etter den to år lange militærtenesta si. Han spelte inn songen i mars 1960, og singelen vart gjeven ut i løpet av få veker og nådde toppen av Billboard Hot 100 seint i april 1960. Det var den første singeltoppen hans i 1960-åra og den trettande i alt. «Stuck on You» nådde sjetteplassen på R&B-lista.[1] Songen slo Percy Faith sin «Theme from A Summer Place» frå toppen av lista. Singelen nådde tredjeplassen i Storbritannia. Songen vart skriven av Aaron Schroeder og J. Leslie McFarland og publisert av Gladys Music, songforlaget til Elvis Presley.

KjelderEndra

  1. Whitburn, Joel (2004). Top R&B/Hip-Hop Singles: 1942-2004. Record Research. s. 468. 

BakgrunnsstoffEndra