Stura er eit område i på øya Alvøyna i Øygarden kommune i Vestland fylke. Eit mottaksanlegg for råolje, Stureterminalen, vart sett i drift i området i desember 1988. Terminalen inkluderer to kaianlegg som kan motta oljetankskip på opp til 300 000 tonn. Utbygginga av terminalen har medført ei oppgradering av vegnettet i området.