Stuv Blinde Tordsson (norrønt: Stúfr inn blindi Þórðarson kattar), òg kalla Skald-Stuv (Skáldstúfr), var ein islandsk skald. Han vart fødd omkring 1025 og døydde ein gong etter 1066.

Opphavet til skaldskapen: i ørne-ham stal Odin skaldskapsmjøden frå jotnen Suttung, og gav han til æsene og dei folk som kan dikte.
(Illustrasjonen er frå ein biletsteinGotland)

Han var son til Tord Katt og skalden Glum Geirason var oldefar hans. Han var soneson etter Gudrun Osvivsdotter, som var hovudpersonen i soga om laksdølane[1], og han var dermed i slekt med Einar Skålaglam og Ulf Uspaksson (Stallare).

Slik tilnamnet hans tyder på, må Stuv[2] ha vore blind, eller sterkt svaksynt. I Skaldatal[3] er han ført opp som skald hos kong Harald Hardråde, og han er nemnt i fleire av dei norrøne sogene, mellom andre i Soga om Harald Hardråde[4]. Dikt av han er sitert i Skaldskaparmål[5].

Opplysningar om livet han er kjent frå islendingesoga, «Tåtten om Stuv»[6] [7].

Omkring 1062, på den tida då Harald Hardråde var konge, reiste Stuv Blinde til Norge for å ta hand om ei arv han hadde fått. Ein stad på Opplanda møtte han kongen og fekk høve til å seie fram dikt for han. Sumaren etter drog Stuv til Nidaros der han på nytt møtte kong Harald og vart hirdmannen hans. Han skal då ha framført eit «dikt om kong Harald» (Haraldsdrápa) som no er bortkome. Seinare gjorde han eit arvekvad som handlar om kong Harald sitt liv og bragdene han utførte, fram til og med slaget ved Stamford bru, der kong Harald døydde. Diktet blir kalla «Stuvsdråpa»[8] eller berre «Stuva», og er det einaste diktet som er kjent etter Stuv Blinde.

Etter at kong Harald døydde, reiste truleg Stuv attende til Island, og noko meir om han, er ikkje kjent.

I «Tåtten om Stuv» er der teke men ei ordveksling mellom skalden og kongen, der det mellom anna lyder:

Kong Harald spurte kven han var, og Stuv svarte: «Eg heiter Stuv».
«Det er eit sært namn» sa kongen, «kven er du sonen til?»
«Eg er sonen til Katt» svarte han.
«Det eine høver til det andre,» sa kongen, «kva for ein Katt var då det?»
«Giss ein gong, konge!» sa Stuv, og lo.
«Kva ler du av?» sa kongen.
«Giss!» sa Stuv.
Kongen svarte: «Det er ikkje så lett å gisse tankane dine, men eg trur då beint fram, at du hadde lyst til å spørje om min far var eit svin, og derfor tok du til å le, fordi du ikkje torde.»
«Rett gissa, konge,» sa Stuv.

Ordet Stúfr tyder ein stubbe, men òg ein stut (okse).
Stuv sin far heitte Katt, som tyder katt eller katteskinn.
Kong Harald sin far heitte Sigurd, med tilnamnet Sýr, som tyder sugge eller grisepurke.

Referansar endre

  1. Soga om Laksdølane v/Jakob Fjalestad, Oslo 1960
  2. Namnet «Stufr» kan tyde stubbe (stump, eller kort stykke), eller det kan vere namn på ein okse.
  3. Skáldatal på norrønt, frå is.wikisource
  4. Snorres kongesoger soga om Harald Hardråde, frå side 158
  5. Skaldskaparmål frå heimskringla.no (norrøn tekst)
  6. STÚFS ÞÁTTUR HINN SKEMMRI frå snerpa.is
  7. STÚFS ÞÁTTUR HINN MEIRI frå snerpa.is
  8. Stuvsdråpa av Stuv Blinde (Skaldic Project)

Bakgrunnsstoff endre