Styrebremser

(Omdirigert frå Styrebremsar)

Styrebremsar er bremsar som har separat pådrag på kvar side av eit køyretøy, slik at dei kan nyttast for å styra med.

Styrebremsar på landbrukstraktorar endre

På landbrukstraktorar er det vanleg med separate bremsepedalar, slik at bremsane kan nyttast som styrebremsar. Ved køyring på veg vert pedalane kopla saman, slik at bremsane tek jamt på begge sider. Ved køyring med halvbelte på traktor er det naudsynt å nytta styrebremsane. Tidlegare var ikkje bremsane på landbrukstraktorar dimensjonerte for dette og det var eit problem at dei vart fort utslitne. I dag er bremsane meir slitesterke, men ettersom det no er vanleg med firehjulsdrift vert halvbelte knapt nok nytta lengre. Styrebremsane er likevel viktige ved køyring på sleipt underlag.

Styrebremsar på beltekøyretøy endre

beltekøyretøy som beltetraktorar, bulldosarar, stridsvogner og liknande var det tidlegare vanleg å kopla frå drifta på den eine sida med styrekoplingar og berre nytta styrebremsane for krappe svingar. Ved køyring i nedoverbakke ville køyretøyet auka farten på den sida som vart frikopla, så maskina svinga til motsett side av det ho gjorde i motbakke og på flatmark. For erfarne maskinførarar ver ikkje dette noko problem, men for nybyrjarar kunne det koma som ei overrasking. Moderne maskiner har meir avansert kraftoverføring og maskina svingar til same side både i oppover- og i nedoverbakke.