Ein bulldosar, eller ein stålstut,[1] er ein beltetraktor med frontskjer, som vert nytta til tungt anleggsarbeid, som planeringsarbeid i ulendt terreng, vegarbeid, og liknande.[2] På grunn av at belta har stort areal har bulldosarar lågt marktrykk og kan arbeida på laus eller vasstrekt grunn. Bulldosarar vert produserte i mange storleikar, frå nokre tonn opp til 150 tonn. Til dømes har Komatsu D575 ei masse på rundt 150 tonn og ei motoreffekt på 858 kW (1167 hk).

Fig. 1: Hanomag D600D Super.

Oppbygging endre

Belte og vangar endre

 
Fig. 2: Støtterullar for belter.

Belta er plasser på beltevangane, som kvar har eit hjul i kvar ende og fleire mindre støtterullar mellom dei to hjula. Belta vert drivne av dei bakre hjula. Støtterullane sikrar at belta har god kontant med bakken over heile lengda. Vanlegvis er det òg eit par bererullar som helt den øvre delen av beltet oppe. På fig. 1 og 3 ser ein tydeleg desse.

Belta er laga av kraftige stålplater som toler å arbeida i jord, sand og steinbrot. Men belta, hjula og dei mange støtterullane vert likevel utsett for slitasje over tid. For å redusera slitasjen på drivhjulet er det på nokre bulldosarar plassert over vangane, fig. 4.

 
Fig. 3: Tsjeljabinsk ChTZ B10M.

Skjer endre

Det kraftige frontmonterte skjeret er festa på vangane, figur 1 og 3, slik at skuvekrafta vert overført så direkte som mogeleg til belta. Skjeret vert heva og senka med hydrauliske sylindrar. På moderne bulldosarar kan og skråstillinga av skjeret endrast ved hjelp av hydrauliske sylindrar. På fig. 3 ser ein tydeleg hydraulikkslangane til sylindrane som justerer skråstillinga av skjeret. Når bulldosarar vert nytta til flytting av lausmassar vert dei ofte utstyrte med større skjer.

Motor endre

Dei fleste moderne bulldosarar er utstyrte med dieselmotor, av same saktegåande type som i landbrukstraktorar. Motorane er ofte utstyrte med turboladar og nokre gonger etterkjøling. Ettersom bulldosarar likevel må ha stor tyngd er det ikkje noko problem at dieselmotorar har stor masse.

Drivverk endre

Bulldosarar er som regel utstyrte med hydrodynamiske dreiemomentforsterkarar, slik at dreiemomentet og fart kan endrast trinnlaust. Girkassen på moderne bulldosarar tillèt òg vanlegvis girskifte under full last, slik at det ikkje er naudsynt å stogga for å skifta gir. Dette fører til at maskina arbeider smidigare og meir effektivt og gjer arbeidet til maskinføraren enklare. Mange moderne bulldosarar har hydrostatisk kraftoverføring, som òg tillèt trinnlaus endring av farten.

Styring endre

Mange eldre bulldosarar hadde både styrekoplingar og styrebremser, manøvrert med spakar. For å svinga vart drivhjulet i innersvingen kopla fri med styrekoplinga. For å gjera svingen krappare kunne drivhjulet i innersvingen i tillegg bremsast. Ved køyring i nedoverbakke bremsa motoren, så når det eine drivhjulet vart kopla fri med styrekoplinga, utan at styrebremsa vart nytta, svinga bulldosaren til motsett side av det den gjorde i motbakke eller på flatmark. Etter kvart vart det vanleg med differensial og styrebremser. Bulldosarar som har hydrostatisk kraftoverføring vert styrte ved at rotasjonshastigheita på dei to drivhjula vert endra individuelt og trinnlaust. Som oftast kan òg belta køyrast i kvar si retning, slik at maskina snur på staden.

Bruksområde endre

 
Fig. 4: Caterpillar D6M.

Bulldosarar vert nytta til mange ulike føremål, spesielt innan tungt anleggsarbeid. Dei høver godt til planering av jord og steinmassar, til å fjerna kratt og torv når utmark skal takast i bruk for vegar, industriområde, bygningar, og liknande. Dei høver òg godt til planering av kupert jordbruksareal; matjordlaget vert då fyrst skrapa av og lagt til side, for å verta lagt på plass att etter at terrenget er planert.

Ettersom bulldosarar har svært lågt marktrykk har dei vorte utstyrt med djuptgåande nydyrkingsplogar og nytta til nydyrking av myr. Bulldosarar vert òg somme gongar utstyrte med bakmontert grubbar, fig. 4, og nytta for å løysa opp grunnen ned til ei djupn på over ein meter. Andre arbeidsoppgåver kan vera å hjelpa til med å trekkja tungt utstyr i ulendt terreng. Bulldosarar vert òg nokre gongar utstyrte med vinsj og nytta til tømmerkøyring, men i Noreg er ikkje dette vanleg. Ingeniørvåpnet i Forsvaret nyttar bulldosarar for mange føremål, som bygging av provisoriske vegar, bygging og fjerning av ymse hinder, osb. Ein mykje kontroversiell militær bruk er den israelske hæren si riving av palestinske hus med bulldosarar.

Historie endre

Den fyrste bulldosaren såg dagens ljos i 1924 då ein beltetraktor vart utstyrt med eit frontmontert skjer. På dei fyrste bulldoserane vart skjeret lyfta med ein vinsj.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. «stålstut» i Nynorskordboka.
  2. König, H., Maskinen im Baubetrieb, 2. utg., Vieweg+Teubner Verlag, 2008.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Bulldosar