Suaasat
Suaasat er ei tradisjonell grønlandsk suppe. Ho er tradisjonelt laga av selkjøt, men kan også lagast av kval, rein eller sjøfugl.
Suppa inneheld også ofte lauk og potet og er enkelt smaksett med salt, svart pepar og laurbær. Ho blir ofte tjukna med ris eller bygg som har lege i blaut over natta slik at stiva lek ut i vatnet.
Kjelder
endre- Harlan Walker. Disappearing foods: studies in foods and dishes at risk : proceedings of the Oxford Symposium on Food and Cookery 1994. Proceedings of the Oxford Symposium on Food Series. Prospect, 1995. ISBN 0-907325-62-9, ISBN 978-0-907325-62-8 . Pg 89
- Denne artikkelen bygger på «Suaasat» frå Wikipedia på engelsk, den 8. november 2022.