Laurbær
Laurbær
Laurbær
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Laurales
Familie: Laurbærfamilien Lauraceae
Slekt: Laurbærslekta Laurus
Art: Laurbær L. Nobilis
Vitskapleg namn
Laurus Nobilis

Laurbær (Laurus nobilis) er eit eviggrønt, mellomhøgt tre i laurbærslekta som veks i middelhavslanda.

Skildring endre

 
Blomar og blad.
 
Laurbærtre

Laurbærtreet blir normalt 2,5 meter høgt, men kan bli opptil 20 meter. Blada er blanke og glinsande på oversida og matte på undersida. Dei har ein sterk aroma.

Treet blomstrar i mars og april med små grøngule blomar som sit fleire saman i bladhjørna. Dei har ein søtleg aroma. Bæra er avlange og blåsvarte og inneheld eitt frø kvar.

Bruk endre

Treet blir brukt som prydplante, ofte ved inngangsparti, nokre gonger også innandørs.

 
Tørka laurbærblad.

Dei grøne blada til treet kan haustast og brukast som krydder. Smaksmessig passar laurbærblad mellom anna til kokt og steikt fisk, oksekjøt og bønner. Laurbærfuktene blir også hausta og kan mellom anna brukast til olje.

Laurbærblad har i fleire tusenår ikkje berre vore brukt til matlaging, men også som eit symbol på siger, herskarar og gudar. Det latinske namnet nobilis, 'adeleg' eller 'fornem', viser til dette. I antikken blei laurbærkransar brukt som teikn på siger. Ein slik bruk er også overført til moderne tid, til dømes i heraldiske symbol som riksvåpen og i nokre nasjonalflagg.

 
Laurel Branch (1900) av William-Adolphe Bouguereau.

Symbolikk endre

Laurbær var eit symbol for den greske guden Apollo. I følgje gresk mytologi blei det første laurbærtreet skapt av nymfa Dafne då ho rømde frå Apollo. Ettersom Apollo var vernar for dei pythiske leikane blei vinnarar her krona med laurbærkransar. Romarane brukte også laurbærkransar som symbol for siger, då særleg militær siger.

I Bibelen er laurbær eit symbol på heider og rikdom. I kristen tradisjon er planten eit symbol på gjenoppståinga til Kristus.

Etter kinesisk tradisjon veks det eit stort laurbærtre på månen. Wu Gang, ein døyeleg mann som vanskjøtta arbeidet sitt fordi han drøymde om å bli udøyeleg, blei sett til å fella treet av gudane. Dette viste seg å vera umogleg ettersom treet grodde til så snart ein sette øksa i det.

Kjelder endre

«laurbær» i Store norske leksikon, snl.no.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Laurbær
 
Wikispecies
Wikispecies har taksonomisk informasjon om Laurus nobilis