Święty Krzyż-voivodskapet
Święty Krzyż-voivodskapet (polsk województwo świętokrzyskie eller berre świętokrzyskie) er ein av 16 voivodskap i Polen. Det ligg sør i sentrale område av Polen i den historiske provinsen Veslepolen. Det har fått namn etter Świętokrzyskiefjella og hovudstad og største by er Kielce.
Święty Krzyż | |||
voivodskap | |||
|
|||
Land | Polen | ||
---|---|---|---|
Hovudstad | Kielce | ||
Areal | 11 672 km² | ||
Folketal | 1 241 546 (2018) | ||
Święty Krzyż-voivodskapet 50°45′00″N 20°46′00″E / 50.75°N 20.766666666667°E | |||
Kart over fylka i voivodskapet.
| |||
Wikimedia Commons: Świętokrzyskie Voivodeship |
Det grensar til Masoviske voivodskap i nord, Lublin-voivodskapet i aust, Subkarpatiske voivodskap i søraust, Veslepolske voivodskap i sør, Schlesiske voivodskap i sørvest og Łódź i nordvest.
Voivodskapet vart oppretta 1. januar 1999 av dei tidlegare voivodskapa Kielce og vestlege delar av Tarnobrzeg. Det dekkjer eit areal på 11 672 km² og er det nest minste av voivodskapa etter Opole. I 2018 hadde voivodskapet 1 241 546 innbyggjarar.
Byar og landsbyar
endreVoivodskapet har 31 byar og landsbyar. Folketala under er frå 2006 [1]:[daud lenkje]
1. Kielce (207 718) |
17. Kazimierza Wielka (5 730) |
Administrativ inndeling
endreŚwięty Krzyż-voivodskapet er delt inn i 14 fylke (powiat), som er eitt byfylke og 13 landfylke. Desse er igjen delt inn i 102 kommunar (gmina).
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Świętokrzyskie Voivodeship» frå Wikipedia på engelsk, den 23. mai 2008.