Sue Monk Kidd (fødd 12. august 1948) er ein amerikansk forfattar som er best kjend for romanen The Secret Life of Bees (på norsk Bienes hemmelige liv) som ho gav ut i 2002.

Sue Monk Kidd

Statsborgarskap USA
Fødd 12. august 1948 (75 år)
Sylvester
Yrke romanforfattar, skribent
Sue Monk Kidd på Commons

Oppvekst og utdanning endre

Sue Monk Kidd vart fødd i Sylvester i Georgia, og vart uteksaminert frå Texas Christian University som sjukepleiar i 1970. Etter eksamen arbeidde ho som sjukepleiar og sjukepleielærar.

Starten på forfattarkarrieren endre

Ho starta som skribent etter at eit essay ho skreiv i ein skriveklasse, vart utgjeve i magasinet Guideposts, og etterpå trykt oppatt i Reader's Digest (Det Beste). Ho heldt fram med å skriva for Guideposts.

Skrivestil endre

Dei første bøkene hennar, God’s Joyful Surprise (1988) og When the Heart Waits (1990), er andelege sjølvbiografiske forteljingar der ho fortel om korleis ho opplever kontemplativ kristendom. The Dance of the Dissident Daughter (1996) tek opp tema frå feministisk teologi.

Ho brukte tre og eit halvt år på å skriva den første romanen sin, The Secret Life of Bees. Den andre romanen, The Mermaid Chair (på norsk Havfruestolen), vart utgjeven i 2005.

Sue Monk Kidd har sagt seg påverka av Henry David Thoreau, Kate Chopin, Thomas Merton og Carl Jung.

Ho bur no i Charleston i South Carolina, saman med ektefellen og to born.

Norske omsetjingar endre

Bakgrunnsstoff endre