Suez (arabisk): السويس - as Suwais), er ein egyptisk hamneby som ligg inst i Suezbukta nord i Raudehavet. Suez er hovudstaden i guvernementet As Suways. Byen er kjend for Suezkanalen som knyter Raudehavet saman med Middelhavet. Kanalen tek til ved Suez og munnar ut i Middelhavet ved Port Said.

Suez, السويس
Satellittbilete av Suez med hamna og kanalen.
Satellittbilete av Suez med hamna og kanalen.
Satellittbilete av Suez med hamna og kanalen.
Styresmakter
Land
Guvernement
Egypt
As Suways
Guvernør Saif al-Din Galal
Geografi
Flatevidd 250,400 km²
Innbyggjarar[1]
 - By (2006)

510, 935
Koordinatar 29°58′N 32°33′E / 29.967°N 32.550°E / 29.967; 32.550
Høgd over havet 5 m
Tidssone EST (UTC +2) (UTC)
Diverse anna

I Suez finst det mykje industri, m.a. oljeraffineri, sementfabrikk og kunstgjødselsfabrikk. Frå Suez er det ferjesamband til Jidda i Saudi-Arabia, og byen er difor viktig for muslimar på pilgrimsferd til Mekka. Jernbanen knyter Suez saman med Kairo, Ismaïlia og Port Said.

Kjelder endre