Suilven
Suilven (skotsk-gælisk Sula Bheinn) er eit av dei mest særprega fjella i Skottland. Det ligg i eit aude område vest for Sutherland og stig nesten rett opp frå eit landskap av lyngheier, myrer og innsjøar, kalla Inverpolly nasjonale naturreservat.
Suilven | |||
Sula Bheinn | |||
Graham, marilyn | |||
Suilven: Meall Meadhonach (nærast) og Meall Beag (bakom) frå nordvest, august 2009
| |||
Land | Skottland | ||
---|---|---|---|
Topp | Inverpolly | ||
• høgd | 731 moh. | ||
• Primærfaktor | 496 m | ||
Suilven 58°06′54″N 5°08′13″W / 58.115°N 5.1370694444444°W | |||
Wikimedia Commons: Suilven |
Fjellet har ein 2 km lang bratt rygg. Det høgaste punktet på 731 meter over havet, kalla Caisteal Liath («det grå slottet» på skotsk-gælisk), ligg nordvest på denne ryggen. Det er to andre toppar: Meall Meadhonach i midten med ei høgd på 723 meter over havet, medan Meall Beag ligg i sørvest.
Frå kysten i vest ser Suilven ut som ein stor grå påle.
Galleri
endre-
Den imponerande nordvestsida av Suilven
-
Suilven frå Glencanisp Lodge-stien.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Suilven» frå Wikipedia på engelsk, den 2. juli 2011.