Sulafjellet
fjell i Sula kommune
Sulafjellet er eit fjell som dekker delar av øya Sula på Sunnmøre. Fjellet ligg fritt i god avstand frå dei høgare fjella på fastlandet, og har eit vidt og godt utsyn. Det strekker seg som eit avlangt platå i austvestretning, med snaufjell og vide heiar og myrer oppå. I godt vêr er fjellet lett å nå året rundt. Toppen vert ofte kalla Vardane eller Varden.
Sulafjellet | |||
fjell | |||
Ein del av Sulafjellet innzooma austanfrå. Toppen ligg litt til venstre for midten av bildet, med høgaste punktet bakom synsranda.
| |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Område | Sula (Møre og Romsdal) | ||
Fjellkjede | Ytre Sunnmøre | ||
Høgd | 776 moh. | ||
Primærfaktor | 776 m | ||
Tverrfjellet 62°24′48″N 6°09′56″E / 62.413333333333°N 6.1655555555556°E |
Fjelltoppen er mål i motbakkeløpet Vardentilvarden som årleg vert arrangert enten i juni eller september med start frå Langevåg på nordsida.
Denne geografiartikkelen som har med Møre og Romsdal å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.