Sulamitt
Sulamitt er eit bibelsk ord som i uttrykk som «heile sulamitten» tyder ‘alt i hop’ eller ‘heile hurven’.
Uttrykket byggjer på eldre kristne uttydingar av Høgsongen i Det gamle testamentet. Namnet Sulammit i kap. 6,13 er då sett som eit bilete på heile den kristne kyrkjelyden, som budde seg på eit himmelsk møte med Kristus, den heilage kongen.
Også i jødisk tradisjon er dikta i Høgsongen tolka allegorisk, som songar om tilhøvet mellom Gud og folket hans. Litteraturgranskarar har hevda at denne tolkinga berga Høgsongen i den hebraiske kanon og med det gjorde han til ein del av Bibelen. Dei ser dikta i Høgsongen som kjærleikssongar som handlar om erotisk tiltrekning mellom mann og kvinne.
I bibelomsetjinga frå Det norske Bibelselskapet, 1978, er jentenammet «Sulammit» bytta ut med «Sjulam-jenta», og det er samanlikna med forteljinga om den ov-vene jenta Abisag frå Sjunem i Fyrste Kongebok 1,3. Vidare heiter det at «Sjulam» kan vere byen Sjunem (Solem) nær Jisre’el-sletta.
Jentenamn
endreSom jentenamn er det hebraiske namnet Sjulammít (også stava Schulamitt og Shulamith) omsett med ‘den fredfulle’,[1] jamfør hebraisk שולמית, ei hokjønsform av namnet Salomo (hebraisk שְׁלֹמֹה), knytt til ordet «shalom» (שָׁלוֹם) som tyder ‘fred’.[2]
Kjende namneberarar
- Sulamith Ish-Kishor (1896–1977), amerikansk forfattar
- Sulamith Messerer (1908–2004), russisk-britisk ballerina og koreograf
- Sulamith Wülfing (1901–1989), tysk kunstnar
- Sulamith Goldhaber (1923–1965), austerriksk-amerikansk fysikar
- Schulamit König (f. 1930), israelsk menneskerettsforkjempar
- Shulamith Firestone (1945–2012), kanadisk-amerikans sosiolog
Sulammit i religiøs litteratur
endreI Studentmaallaget si bibelumsetjing frå 1921 lyder kap. 6,13f i Høgsongen slik:
- «Aa, snu deg, snu deg, du Sulammit!
- Snu deg, snu deg, so me deg ser.»
- «Kva er det å sjå på Sulammit?»
- «Ein dans som i Mahanajim.»
- «Kor fagert din fot stig paa skoen,
- Du gjævings møy!»
I omsetjinga til Bibelselskapet frå 2011 er dei same linene omsette slik:
- [Koret]
- «Snu deg, snu deg, du jente frå Sjulam!
- Snu deg, snu deg, så vi får sjå deg!»
- [Han]
- «Kvifor vil de sjå på jenta frå Sjulam
- der ho dansar mellom rekkjene?»
- «Så vakkert du stig i sandalar,
- du hovdingdotter!»[3]
Høgsongen har inspirert mange diktarar. I sin avskilssong til soknefolket brukte Petter Dass «Sulamith» som eit bilete på folket:
- O Gud, som har din Kirke
- Grundfæst paa denne stæd!
- Du selv alt got udvirke
- Iblant din Meenighed!
- ---
- Lad lykkes Jesu Navn,
- At Sulamith maa tage
- Sin Salomon i favn!
I pietismens salmedikting vart det ofte brukt bilete henta frå Høgsongen for å illustrere Jesu kjærleik til menneska. Eit slikt døme kan vere H. A. Brorson sin salme «Hvad est du dog skjøn» (frå Svanesang, 1765), tonesatt etter ein norsk folketone i 1906 av Edvard Grieg, som ein del han siste arbeid, opus 74:
- Hvad est du dog skjøn, ja skjøn,
- Ja skjøn Du allerlifligste Guds Søn!
- Du, min Sulamith, Sulamith. Ja mit,
- Ja mit, alt, hvad jeg har er også dit.
- Min Ven, du est min, ja min,
- Ja min; saa lad mig altid være din!
- Ja vist, evig vist, evig vist, ja vist,
- Ja vist! Du min skal blive her og hist.
- Men tænk, jeg er her, ja her,
- Ja her iblandt så mange dragne Sværd!
- Saa kom, Due! kom, Due! kom, ja kom!
- Ja kom! I Klippens Rif er Ro og Rum.
Kjelder
endre- Hans Adolph Brorson: Troens Rare Klenodie med Svanesang. Psalmer og aandelige sange, Kjøbenhavn 1865.
- Petter Dass til sine sognefolk (høvesdikt)
- Verdens litteraturhistorie b. 1, Bokklubben nye bøker 1979
Fotnotar
endre- ↑ «Sulamith» på tysk wikipedia (tyding av namnet Sulamit)
- ↑ Shulamith på engelsk wikipedia
- ↑ Høgsongen 6,13–7,1a