Sumburgh Head er eit nes sør på Shetland Mainland nord i Skottland. Neset består av ei 100 meter høg klippe og på toppen står Sumburgh Head fyr. Det norrøne namnet på neset var Dunrøstar høfdi, som tyder «Torehøgda» («Tordenhøgda»), og syner til støyen frå Sumburgh Roost.

Fyret på neset vart bygd av Robert Stevenson og fyret vart førte gong tent i 1821. Mykje sjøfugl held til i klippene og området er eit naturreservat. Det er òg mogeleg å sjå kval og delfinar frå neset.

Sumburgh lufthamn ligg like nord for neset og er hovudflyplassen på Shetland. Frå her går det fly til det skotske fastlandet, Orknøyane og Noreg. Nær neset ligg den arkeologiske staden Jarlshof, der ein har funne spor etter busetnader tilbake til steinalderen. Den vesle busetnaden Grutness, med ferjeterminal for Shetland Mainland til Fair Isle, ligg 2 km nord for Sumburgh Head.

Bakgrunnsstoff endre

59°51′15″N 1°16′31″W / 59.85429°N 1.27531°W / 59.85429; -1.27531