Sumpeitermaur
insektart
Sumpeitermaur (Myrmica gallienii) er ein eitermaur som byggjer bol heilt i vasskanten. Arbeidarar vert 4–5,5 millimeter og både dronningar og hannar 5,5–6 millimeter. I Noreg vart arten funnen for fyrste gongen i 2017 i Hof i Vestfold.
Sumpeitermaur | |
Sumpeitermaur Foto: Arnstein Staverløkk/Norsk institutt for naturforsking
| |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Leddyr Arthropoda |
Underrekkje: | Seksfotingar Hexapoda |
Klasse: | Insekt Insecta |
Orden: | Årevenger Hymenoptera |
Familie: | Maur Formicidae |
Slekt: | Eitermaur Myrmica |
Art: | Sumpeitermaur M. gallienii |
Vitskapleg namn | |
Myrmica gallienii |
Bola til sumpeitermaur slepp ikkje inn vatn, slik at dei toler flaum. Maurindivid utsette for flaum vil flyta på vassyta og hengja seg på kvarandre og vegetasjon.
Sumpeitermaur lever på ulike typar sumpmark og strender, både i innlandet og langs kysten.
Arten liknar på hageeitermaur, skogeitermaur, småeitermaur og noko på ribbeeitermaur.
Kjelder
endre- Denne artikkelen nyttar som kjelde og kan innehalda tekst og formuleringar frå artikkelen Sumpeitermaur - Myrmica gallienii skriven av Frode Ødegaard, Arnstein Staverløkk og Jan Ove Gjershaug. Artikkelen vart utgjeven av Norsk institutt for naturforsking under lisensen CC BY 4.0. Henta 12. juni 2017.