Sunday's Child
Studioalbum av John Martyn
Utgjeve Januar 1975
Innspelt August 1974
Studio Island Studios i Hammersmith i London
Sjanger Folkrock
Lengd 38:40
Selskap Island
Produsent John Martyn
John Martyn-kronologi 
Inside Out
(1973)
Sunday's Child One World
(1977)


Sunday's Child er det åttande studioalbumet til John Martyn gjeve ut i januar 1975. Det var oppfølgjaren hans til Inside Out frå 1973 og er meir songbasert og mindre eksperimentelt. John Martyn viser fleire sider av musikken sin her frå den effekttunge, elektriske gitaren til dei akustiske visene. Albumet inneheld stort sett originale songar, i tillegg til eit par coverlåtar: den tradisjonelle, britiske balladen «Spencer the Rover» og countrystandarden «Satisfied Mind». Songen «The Message» inneheld eit par vers skriven av Martyn som han syng på hans vanlege måte, blanda med eit par vers frå den skotske folkevisa «Mairi's Wedding» sungen på skotsk vis.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4/5 stars[1]
Record Collector3/5 stars [2]

Sunday’s Child vart spelt inn og miksa i august 1974 i Island Studios i Hammersmith. Albumet vart spelt inn i lag med Danny Thompson på kontrabass og Martyn sa at det gjekk alltid kjapt å spele inn musikk med Thompson. Heile albumet vart spelt inn på seks dagar og alt var improvisert.[3] Andre som spelte på albumet var mellom andre Liam Genockey på trommer, Kesh Sathie på tabla og John «Rabbit» Bundrick på piano.

Songen «My Baby Girl», med kona Beverley Martyn på vokal for siste gongen, vart skriven for dottera Mhairi og «Spencer The Rover» vart seinare dedisert til sonen Spenser som vart fødd kort tid eter albumet kom ut i 1975.

Martyn turnerte mykje for å marknadsføre Sunday's Child og fekk med seg Danny Thompson på bass og jazztrommeslagaren John Stevens, med Paul Kossoff som gjesteartist på eit par av dei siste songane på somme konsertar. Kossoff sleit med dopmisbruk på denne tida og Martyn prøvde å hjelpe han. Konserten på Leeds University, 13. februar 1975, vart spelt inn med tanke på å gje det ut på eit konsertalbum. Island Records meinte det ikkje var rette tida for eit konsertalbum, så Martyn produserte, designa og marknadsførte albumet sjølv, kalla Live at Leeds med løyve frå selskapet.[4]

Innhald endre

Alle songane er skrivne av John Martyn, utanom der andre er nemnde.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«One Day Without You»2:58
2.«Lay It All Down»1:50
3.«Root Love»4:33
4.«My Baby Girl»2:30
5.«Sunday's Child»3:17
6.«Spencer the Rover» (Trad. arr. John Martyn)4:10
Side to
Nr.TittelLengd
7.«Clutches»1:52
8.«The Message»2:27
9.«Satisfied Mind» (Red Hayes, Jack Rhodes; feilaktig oppført som trad. arr. John Martyn)3:31
10.«You Can Discover»3:43
11.«Call Me Crazy»7:29
Bonusspor på CD-utgåva frå 2005
Nr.TittelLengd
12.«Ellie Rhee» (unytta opptak)3:53
13.«A Satisfied Mind» (første miks)3:28
14.«One Day Without You» (live)3:42
15.«You Can Discover» (live)3:25
16.«My Baby Girl» (live)3:05
17.«The Message» (live)2:50
18.«Spencer the Rover» (live)3:57

Bonusspor 14 til 18 vart spelte inn 7. januar 1975 for John Peel. John Martyn solo med gitar.

Medverkande endre

Teknisk
  • Richard Digby Smith - lydteknikar
  • Dick Cuthell - teknikar
  • Visualeyes - fotografi

Kjelder endre