Live at Leeds av John Martyn

Live at Leeds
Konsertalbum av John Martyn
Språk engelsk
Utgjeve 1976
Innspelt 13. februar 1975,[1] Leeds University
Sjanger Folkrock, blues
Lengd 49:17
Selskap Island
Produsent John Martyn
John Martyn-kronologi 
Sunday's Child
(1975)
Live at Leeds One World
(1977)


Live at Leeds er eit konsertalbum av John Martyn. Han gav det ut på eiga hand med eit førsteopplag på 10 000 eksemplar som ofte var nummererte og signerte,[1] etter at Island Records ikkje ønskte å gje ut eit konsertalbum på den tida.[4] Arbeidstittelen var «Ringside Seat» og det vart tekne bilete av Martyn og bassisten Danny Thompson i ein boksering for eit mogeleg plateomslag, men dette vart ikkje nytta.[1] Det vart spelt inn 13. februar 1975 (på omslaget står det feilaktig oktober)[1]Leeds University, same staden som The Who spelte inn sitt Live at Leeds i 1970.[4]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4/5 stars[1]
Mojo4/5 stars[2]
Record Collector4/5 stars[3]

I 1998 kom ei ny utgåve av plata på Voiceprint/One World med fem bonusspor («My Baby Girl», «You Can Discover», «So Much in Love With You», «Clutches» og «Mailman») frå konserten, inkludert tre songar som Paul Kossoff frå Free var gjesteartist på.[4]

Ei dobbel luksusutgåve vart sett saman av John Hillarby i 2010 for Universal Music. Han inneheld heile konserten frå 1975 med pausar, prat mellom songane og det heile. Plate to inneheld òg 35 minutta med øvingar frå den same ettermiddagen. Versjonane av «Outside In» og «Solid Air» på originalplata (som ikkje vart spelte inn på Leeds-konserten) er erstatta.[4]

Martyn selde plata via postordre og på døra i heimen sin i Hastings.

Innhald endre

Alle songar er skrivne av John Martyn, utanom der andre er nemnde.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Outside In»18:56
2.«Solid Air»7:18
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
3.«Make No Mistake» 5:04
4.«Bless the Weather» 4:45
5.«The Man in the Station» 4:18
6.«I'd Rather Be The Devil»Skip James8:54

Dobbel luksusutgåve endre

Plate ein
Nr.TittelLengd
1.«May You Never»5:28
2.«Outside In»12:55
3.«Spencer the Rover» (tradisjonell)3:58
4.«Make No Mistake»5:00
5.«Bless the Weather»4:42
6.«My Baby Girl»2:45
7.«You Can Discover»3:57
8.«Solid Air»6:10
Plate to
Nr.TittelLengd
1.«I'd Rather Be The Devil» (Skip James)11:22
2.«So Much In Love With You»5:25
3.«Clutches»5:37
4.«Mailman»5:55
5.«May You Never» (øving)4:08
6.«The Message» (øving)5:12
7.«Outside In» (øving)13:18
8.«The Man in the Station» (øving)3:48
9.«Head and Heart» (øving)4:31
10.«Clutches» (øving)5:11

Medverkande endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Live at Leeds av John MartynAllmusic
  2. Irvin, Jim (November 2010). «John Martin Live At Leeds». Mojo. s. 120. 
  3. Rossi, Marco (November 2010). «John Martyn – Live At Leeds: Deluxe Edition». Record Collector. Henta 9. april 2019. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 Cavanagh, David (1. oktober 2010). «Live At Leeds (Deluxe Edition) - review». The Official John Martyn Website / Uncut No.161 (på engelsk). Henta 9. april 2019.