Sunderland
Sunderland er ein industri- og hamneby i Tyne and Wear i England. Fram til 1974 utgjorde han eit distrikt i Durham, men han vart så innlema i City of Sunderland i Tyne and Wear. Han er dermed ein by innanfor ein annan by, ein situasjon som ikkje er uvanleg i England.
Sunderland | ||
---|---|---|
Wearmouth Bridge | ||
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Storbritannia | |
Konstituerande land | England | |
Grevskap | Tyne and Wear | |
Distrikt | Sunderland | |
Geografi | ||
Innbyggjarar - By (2007) |
177 666 | |
Koordinatar | 54°54′27″N 1°23′3″W / 54.90750°N 1.38417°W | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | SR | |
Telefon-retningsnummer | 0191 | |
Nettstad: www.sunderland.gov.uk | ||
Byen ligg ved munningen til Wear ved Nordsjøen, 15 km søraust for Newcastle upon Tyne. Byen har kring 180 000 innbyggjarar. Tidlegare var byen ei viktig kolhamn med store verft som no er nedlagd. Industri i byen i dag er glas, møbel, keramikk, konfeksjon og elektroteknisk industri. Byen har eit eige universitet. I bydelen Monkwearmouth ligg St. Peterskyrkja, som delvis er frå 600-talet. Sunderland har hatt bystatus frå 1634.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Sunderland (Tyne and Wear)» frå Wikipedia på bokmål, den 9. juli 2011.