Tyne and Wear
Tyne and Wear er eit metropolitansk grevskap i Nordaust-England rundt munningen til elvane Tyne og Wear. Grevskapet vart oppretta i 1974 og består av fem bykommunar, South Tyneside, North Tyneside, City of Newcastle upon Tyne, Gateshead og City of Sunderland.
Tyne and Wear | |
---|---|
![]() | |
Geografi | |
Status | Seremonielt og metropolitansk grevskap |
Opphav | 1974 |
Region | Nordaust-England |
Areal | 538 km² |
Demografi | |
Folketal - Totalt (2008) - Folketettleik |
1 093 400 2 032,3 /km² |
Etnisitet | 96,8 % kvite 1,8% sørasiatiske |
Distrikt | |
![]() |
Tyne and Wear grenser i aust til Nordsjøen og til Northumberland i nord og County Durham i sør.
Tyne and Wear grevskapsråd vart avskaffa i 1986 og distrikta er i dag derfor i røynda sameinte styresmakter, sjølv om dei på papiret og etter lova framleis høyrer til grevskapet.[1][2][3]
Området var tidlegare del av grevskapa Northumberland og County Durham.
Kjelder endre
- Denne artikkelen bygger på «Tyne and Wear» frå Wikipedia på engelsk, den 29. november 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Office of National Statistics - Gazetteer of the old og new geographies of the United Kingdom, p48. URL accessed March 12, 2007.
- ↑ Metropolitan Counties og Districts, Beginners' Guide to UK Geography, Office for National Statistics, September 17, 2004. URL accessed March 12, 2007.
- ↑ North East England Counties, The Boundary Commission for England. URL accessed March 12, 2007.