Sundsfjord kraftverk

vannkraftverk i Gildeskål kommune, Nordland fylke, Noreg

66°58′15″N 14°09′06″E / 66.97083°N 14.15167°E / 66.97083; 14.15167

Sundsfjord kraftverk
Foto: PeltonMan

Sundsfjord kraftverk er eit vasskraftverk i Sundsfjorden i Gildeskål kommune i Nordland. Delar av nedslagsfeltet ligg i Beiarn kommune.

Kraftverket nyttar fallet på 317 meter frå reguleringsmagasina Sokumvatnet og Langvatn. Sokumvatnet vert regulert mellom 331 og 299 moh. Langvatn vert regulert mellom 331 og 299 moh. Vatn frå Arstaddalsdammen vert overført og regulert mellom 333 og 299 moh. Eit anna bekkeinntak gjev òg vatn frå Beiarn.

Forsa kraftverk leverer vatn til Sokumvatnet og Langvatn kraftverk leverer vatn til Langvatnet.

Det er installert 3 francisturbinar kvar på 32 MW og gjennomsnittleg årsproduksjon er på 535 GWh. Samla nedslagsfelt er på 168 km2

Kraftverket vert eigd av Norsk Hydro og Salten kraftsamband og starta produksjonen i 1963. Hovudårsaka utbygginga var å sikre energi til Hydro sitt fabrikkanlegg i Glomfjord. Det ligg føre planer om utviding av verket med 170 GWh pr år.

Kjelder endre