Sunnhordlandsdialekt

(Omdirigert frå Sunnhordlandsmål)
Sunnhordlandsdialekt
Tala på: Vestlandet
Kommune: Sunnhordland
Klassifisering: Vestlandske målføre

Sunnhordlandsdialekten er dialekten som vert tala i Sunnhordland, særleg kommunane Stord, Bømlo, Fitjar, Kvinnherad og Tysnes. Kommunane lenger sør (Sveio, Etne, Ølen) har dei siste tiåra nærma seg haugalandsdialekten, medan ein i Austevoll snakkar ein blanding mellom strilamål og sunnhordlandsdialekt.

Kjenneteikn ved sunnhordlandsdialekten endre

  • tidlegare rulle-r /r~ɾ/ er i stor grad erstatta med ein «mjuk» skarre-r /ʁ~ɐ/, mindre markert enn i bergensk og strilamål /ʀ/
  • artikkelen «det» heiter «da», «da va ein løyen skjeggvekst»
  • o-endingar i bunden form eintal av hokjønnsord. «Jento va fin(e) på håre»
  • o-ending i bunden form fleirtal av inkjekjønnsord. «Sekunno gjekk sakte»
  • kj-lyden /ç/ vert uttald som ein tsj-lyd /tʃ/, men ikkje som ein sj-lyd /ʃ/; Tsjetil /tʃeːtʰɪlː/, ikkje Kjetil /çeːtʰɪlː/ eller Sjetil /ʃeːtʰɪlː/
  • kort y vert ofte uttalt som ü eller u, tuggja, sukkel
  • òg vert på Stord, Fitjar og Bømlo ofte uttalt med lang o, ikkje med lang å som i resten av Sunnhordland.
  • a-infinitiv
  • a-ending på hokjønnsord i ubunden form: ei jenta, ei stjerna
  • æ-ar i skriftspråket vert som oftast uttalte som e-ar, til dømes militere, lerar, eren(d) i staden for militæret, lærar og ærend

Grammatikk endre

Substantiv
Eintal Fleirtal
Ubunden form Bunden form Ubunden form Bunden form
m. ein båt
båtn
båta
båtane
m. ein storm
stormen
storma
stormane
m. ein sau
sauen
saue
sauena
f. ei sia
sio
sie
si(e)na
f. ei samling
samlingo
samlinga
samlingane
n. et hus
huse
hus
huso
Pronomen
Sunnhordlandsk Nynorsk
Subjektform Objektform Eigeform/eigeord Subjektform Objektform Eigeform/eigeord
eg meg minn, mi, mitt, mine eg meg min, mi, mitt, mine
du deg dinn, di, ditt, dine du deg din, di, ditt, dine
han han hans han han/honom hans
ho ho/hene henas ho ho/henne hennar
da da - (te da) det det (dess)
me oss våras me/vi oss vår, vårt, våre
dåke dåke dåkas de dykk dykkar
dei/di dei/di deiras dei dei deira

Ordtilfang endre

Spørjeord
Sunnhordlandsk Nynorsk
ka kva
kin/kim, ken/kem kven
kor kor, kvar
koffor korfor, kvifor
kossn korleis
kass kva for ei(n)/eit, kva slags
Andre ord
Sunnhordlandsk Nynorsk
ditta dette
dinne, dinna denne
so so, så
itte etter
øve over (yver)
nòke, nókó noko
ansleis annleis
Ka bala du med? Kva held du på med?
Talord
Sunnhordlandsk ein to tre fira fem seks sju åtta ni ti edleve toll trettn tjue tretti førti femti seksti søtti åtti nitti hondra tusn
Nynorsk ein to tre fire fem seks sju åtte ni ti elleve tolv tretten tjue tretti førti femti seksti sytti åtti nitti hundre tusen