U
Bokstaven U (u) er den 21. bokstaven i det latinske alfabetet og eigentleg same bokstav som Y (ypsilon) i det greske alfabetet, der denne opphavleg hadde lydverdien u. Då grekarane i staden uttalte han y, skreiv dei ου for å vise til u-lyden. Etruskarane, og etter dei romarane, overtok bokstaven med forma V. Den avrunda forma U er berre ein seinare skriftvariant av den same bokstaven. Først frå 1500-talet av vart det vanleg å skilje mellom u og v i latinsk rettskriving. I gotisk skrift er n og u lik kvarandre, og for å lette lesinga sette ein frå 1400-talet av ofte ein liten boge over u-en. I runealfabetet er bokstaven andre rune i første ætt.
U | |
![]() | |
![]() | |
Bruk | |
---|---|
Skriftsystem | Det latinske alfabetet |
Type | alfabet |
Opphavsspråk | Latin |
Fonetisk bruk | [u] [w] [ʉ] [y] [ʏ] [h] [ʊ] [iː] [ɨː] [ʌ] [ɛ] /juː/ |
Unicode | U+0055, U+0075 |
Plass i alfabetet | Talverdi: 21 |
Historie | |
Utvikling | |
Tidsperiode | 1386 til no |
Etterkomarar | • W • ᴝ • ꭎ • ∪ • ∩ |
Slektningar | F W Ѵ У Ў Ұ Ү ו و ܘ וּ וֹ ࠅ 𐎆 𐡅 ወ વ ૂ ુ उ |
Anna | |
Vanleg tilknytte bokstavar | u(x), qu |
Tilknytte tal | 21 |
Skriveretning | Venstre til høgre |
U vert på norsk norsk og svensk uttalt lenger framme og er trongare enn den såkalla «europeiske» u-en.
U kan stå forEndra
- kjemisk symbol for uran
- forkorting på latin som tyder Urbs eller «byen», det vil sei Roma.
u kan stå forEndra
- internasjonalt godkjent symbol for atommasseeininga.
KjelderEndra
- «U – bokstav» i Store norske leksikon, snl.no.
Alfabetet | |||||
A | B | C | D | E | |
F | G | H | I | J | |
K | L | M | N | O | |
P | Q | R | S | T | |
U | V | W | X | Y | |
Z | Æ | Ø | Å |