Sunniva Gylver
Sunniva Gylver (fødd 7. januar 1967 i Oslo) er ein norsk prest, forfattar og tidlegare programleiar for fleire livssynsprogram på TV 2 og NRK.
Sunniva Gylver | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 7. januar 1967 (57 år) Danmark |
Yrke | prest, faglitterær forfattar, programleiar |
Religion | Den evangelisk-lutherske kyrkja |
Sunniva Gylver på Commons |
Gylver er utdanna teolog ved Menighetsfakultetet og har i tillegg mellomfag i sosiologi. Frå 1997 til 2003 jobba ho som studentprest ved Høgskolen i Oslo. I 2003 vart ho tilsett som kapellan ved Grønland kyrkje i Oslo. I 2005 vart ho redaktør for bladet Luthersk Kirketidende, som vert utgjeve av Luther Forlag.
Ho gav ut boka Åpen himmel i 2000, og var medforfatter av De store ordene (2006) og Kunsten å bruke følelser (2007).
Anna
endreI 2006 vart ho den første kvinnelege presten til å tala i ein norsk moské.[1]
Gylver er gift og har barn.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Sunniva Gylver» frå Wikipedia på bokmål, den 25. april 2019.
Fotnotar
endre- ↑ Hanne Waaler Lier, Wasim K. Riaz (27. februar 2006). «Første kvinne klar til å tale i norsk moské». Aftenposten. Henta 11. september 2018. «Historisk. Som første kvinnelige prest er Sunniva Gylver invitert til å tale i en moské. - Fint det, men hun må tale før fredagsbønnen - da får hun flest tilhørere, utfordrer SV-politiker Akhtar Chaudhry.»