Suovas
Suovas (nordsamisk og lulesamisk for 'røykt') eller soeves (sørsamisk) er lettsalta, kaldrøykt reinkjøt. Dette er ein konserveringsmetode som har vore brukt av samar i generasjonar. Framleis er røyking av reinkjøt ein konserveringsmetode som er aktuell blant samar, særleg blant reindriftssamar som er lange periodar i fjellet under enkle kår.
Suovas blir laga ved at ein tørrsaltar og kaldrøyker kjøtet. Ein strør grovsalt over kjøtet og let det ligga i rundt eit døgn. Eventuelt kan det liggja same tid i 10 % saltlake. Røykinga blir gjerne gjort med seljeved, noko som gjev kjøtet ein mild røyksmak.
Produsentar
endreFleire samiske verksemder som vidareforedlar reinkjøt til ein større marknad. Lett kaldrøykt reinkjøt finst under fellesnamnet suovas som ein spesialitet. Suovas blei kåra til årets reinkjøtprodukt i 2017 av Innovasjon Norge.[1]
Tilreiing
endreKjøtet kan skavast i tynne skiver og steikast lett i smør/margarin like før servering. Suovas har mange bruksområde. Det kan serverast med potet/potetmos eller berre med brød. Ein kan også ha det i pitabrød, wraps og på pizza. Suovas blir ofta servert ved festivalar og liknande arrangement, i pitabrød med salat til.[2]
Kjelder
endre- ↑ «Innovasjon Norge: Souvas fra Arctic Rein og Vilt - Årets produkt». Arkivert frå originalen 4. januar 2018.
- ↑ Gruvö, Jonas: «suovas» i Nationalencyklopedin på nett. Henta 25. juli 2015.
- Denne artikkelen bygger på «Suovas» frå Wikipedia på bokmål, og «Suovas» frå Wikipedia på svensk den 13. mai 2022.