Super Mario Sunshine

dataspel frå 2002

Super Mario Sunshine (スーパーマリオサンシャイン) er eit 3D-plattformspel utvikla og publisert av NintendoNintendo GameCube. Det vart gjeve ut i Japan juli 2002, i Nord-Amerika august 2002, og i Europa oktober same året. Spelet er det første 3D-plattformspelet i Mario-serien sidan Super Mario 64 frå 1996, og handlar om Mario som utforskar område på ferieøya Delfino for å reinvaske seg etter falske påtalar om hærverk på øya.

Super Mario Sunshine
Utviklar(ar)Nintendo EAD
Utgjevar(ar)Nintendo
Kreativt ansvarleg(e)Yoshiaki Koizumi
Produsent(ar)Shigeru Miyamoto
Design(ar)Yoshiaki Koizumi (direktør)
Shinobu Tanaka,
Kōji Kondō (komponistar)
Komponist(ar)Koji Kondo
SerieMario
Plattform(er)Nintendo GameCube, Microsoft Windows
UtgjevingJP: 19. juli 2002
NA: 26. august 2002
EU: 4. oktober 2002
SjangerPlattform
SpelemodusEinspelar
AldersgrensePEGI: 3+
ELSPA: 3+
ESRB: E
Medium1 Optisk GameCube-plate
Nettstadhttp://www.supermariosunshine.com/
Del av serien Super Mario
Super Mario 64 · Super Mario 64 DS→

Oppfølgjaren til spelet, Super Mario Galaxy, kom på Wii i 2007.

Oppsett endre

Super Mario Sunshine har ei mengd nivå som blir nådde via navlen i spelet (en: Delfino Plaza). I starten av spelet er berre eitt nivå tilgjengeleg, men fleire blir opna etter kvart som ein samlar solsymbol (en: Shine Sprites). Ved å klare oppdrag i nivåa blir ein lønna med eit solsymbol, og Mario blir send ut av nivået kvar gong han samlar inn slike.

Kontrollsystemet i Sunshine har mykje felles med det i Super Mario 64, men fjernar nokre triks og legg til nye. Mario kan ikkje slå med hendene eller krype i spelet, men kan no snurre kjapt rundt under eit hopp og gli nedover langs veggar før eit vegghopp. Nyheita i spelet er ein vasskanon som hjelper Mario med å greie oppdraget i spelet; å reinvakse ei ferieøy for måling. Vasskanonen, på engelsk kjent som «FLUDD» (akronym for Flash Liquidising Ultra Dousing Device), kan sprute vatn i avgrensa mengder og har fire tutar som gjev ulike eigenskapar. Til vanleg har ein to tutar; den eine spruter ein enkel stråle vatn, og den andre lèt Mario svive over bakken ein augeblink. Seinare i spelet kan ein hitte to nye tutar; rakettuten som kan sende Mario høgt til himmels, og turbotuten som lèt Mario renne snøgt langs bakken.

Etter kvart finn Mario Yoshi som han kan ri på under visse høve i spelet. Yoshi kan svive kort etter eit hopp, rulle ut tunga for å ete frukt og smådyr, og plante rauva hardt i bakken for å presse ned ting. Vasskanonen til Mario er ikkje aktiv når ein rir Yoshi, men dinosauren kan sprute ut jus frå munnhola etter å ha ete frukt. Jusen kan bli brukt til å løyse opp oransje stoff som er i vegen, eller forandre fiendar til plattformer. Farga på jusen avheng av kva type frukt som vart ete sist. Dersom Yoshi fell i djupt vatn eller ikkje får i seg nok frukt vil han kverve bort.

Handling endre

Spelet finn stad i det tropiske ferieparadiset Delfino, ei øy med form som ein delfin. På øya bur det to typar folk, eit kraftig folkeslag som kjem frå fjella (en: Pianta) og eit mindre som bur ved havet (en: Noki). Delfino er delt inn i ti område, der den største byen på øya (en: Delfino Plaza) fungerer som navlen til spelet. Her reiser Mario til og frå alle områda.

Mario, prinsesse Peach og ein hop Toad-figurar reiser med fly til denne øya for å ta seg ein ferie, men i det dei landar finn dei ut at store delar av Delfino er blitt tilgrisa med måling. Grunna denne tilgrisinga har dei lokale kraftkjeldene hjå Delfino, syna som solforma symbol (en: Shine Sprites), kverva bort og etterlate øya dekt i skugge. Skurken som står bak hærverket på øya er utkledd som Mario sjølv. Dette gjer at Mario blir arrestert kort etter at han har landa på feriestaden, og han blir klandra av ein jury for å ha drive med hærverk. Straffa er at Mario må reingjere øya og få kraftkjeldene tilbake. Til dette får han hjelp frå ein snakkande vasskanon (en: FLUDD) som han ber rundt som ein ryggsekk. Mario fer so ut på eventyr for å reinvaske både øya og namnet sitt, og spore opp den verkelege farken som står bak ugjerningane.

Bakgrunnsstoff endre