Super Mario Galaxy
Super Mario Galaxy er eit 3D-plattformspel utvikla av Nintendo EAD Tokyo og publisert av Nintendo på Wii. Det vart gjeve ut globalt gjennom november 2007, og er det tredje 3D-plattformspelet i Mario-serien, etter Super Mario 64 og Super Mario Sunshine. Spelet handlar om Mario som reiser gjennom verdsrommet for å redde prinsesse Peach frå Bowser. Nivåa er galaksar som er fylte med småe og store planetar, der gravitasjonen deira påverkar korleis ein kan manøvrera Mario.
Super Mario Galaxy | |||
| |||
Utviklar(ar) | Nintendo EAD Tokyo | ||
---|---|---|---|
Utgjevar(ar) | Nintendo | ||
Distributør | Nintendo eShop | ||
Kreativt ansvarleg(e) | Yoshiaki Koizumi | ||
Produsent(ar) | Shigeru Miyamoto | ||
Design(ar) | Yoshiaki Koizumi, Takao Shimizu (designarar) Mahito Yokota, Kōji Kondō (komponistar) | ||
Komponist(ar) | Koji Kondo, Mahito Yokota | ||
Serie | Super Mario | ||
Plattform(er) | Wii, Wii U | ||
Utgjeving | JP: 1. november 2007 NA: 12. november 2007 EU: 16. november 2007 | ||
Sjanger | Plattform | ||
Spelemodus | Einspelar, samverkande fleirspelar | ||
Aldersgrense | PEGI: 3+ CERO: A ESRB: E OFLC: G | ||
Medium | 1 Optisk Wii-plate | ||
Stødde einingar | Wii-fjernkontroll, nunchuk | ||
Nettstad | http://www.nintendo.co.jp/wii/rmgj/ | ||
Del av serien Super Mario, Super Mario Galaxy⠀ | |||
←New Super Mario Bros.⠀ · New Super Mario Bros. Wii, Super Mario Galaxy 2→ |
Ein oppfølgjar til spelet, Super Mario Galaxy 2, kom ut i 2010.[1]
Handling
endreSpelet opnar med at Mario vert invitert av prinsesse Peach til den hundreårlege «stjernestøvfestivalen» (en: Stardust Festival) for å høgtida kometen som fer over himmelkvelven. Under feiringa trengjer Bowser seg brått inn i Sopperiket med ein flåte luftskip og spolerer festivalen. Han påkallar ein svær flygande tallerk som ryskjer heile slottet til Peach frå bakken og løftar det ut i verdsrommet. Etter at Mario gjer eit feilslått forsøk på å ta seg av problema, vert han slått vekk av ein av lakeiane til Bowser og endar opp på ein liten planet. På denne planeten møter han på ei gåtefull dame (en: Rosalina) og stjernekompisane hennar (en: Luma). Rosalina viser seg å vera ein «stjernevaktar» som nyttar eit flyttbart observatorium for å reisa rundt i universet. Diverre fungerer ikkje obervatoriet som det skal sidan Bowser har stole alle kraftstjernene (en: Power Stars) som driv dette. Mario må så utforska fleire hjørne av universet for å sanka inn dei stolne stjernene, for å til slutt kunna reisa til sjølve sentrum av universet der Bowser held til.
Kjelder
endre- ↑ «Super Mario Galaxy 2 - produktinformasjon». Henta 10. august 2009.