Super Smash Bros. for Nintendo 3DS og Wii U

dataspelene frå 2014

Super Smash Bros. for Nintendo 3DS og Super Smash Bros. for Wii U er slåstarspel utvikla av Sora Ltd. og Bandai Namco Games og utgjeve av Nintendo på spelemaskinane Nintendo 3DS og Wii U.

Super Smash Bros. for Nintendo 3DS Super Smash Bros. for Wii U
Utviklar(ar)Sora Ltd.
Bandai Namco Games
Utgjevar(ar)Nintendo
Kreativt ansvarleg(e)Masahiro Sakurai
SerieSuper Smash Bros.
Plattform(er)Nintendo 3DS, Wii U
UtgjevingNintendo 3DS:
JP: 13. september 2014
NA: 3. oktober 2014
EU: 3. oktober 2014
Wii U:
JP: 6. desember 2014
NA: 21. november 2014
EU: 28. november 2014
SjangerSlåsting
SpelemodusEinspelar, fleirspelar
AldersgrensePEGI 12
Nettstadhttps://www.smashbros.com/wiiu-3ds/
Del av serien Super Smash Bros.
Super Smash Bros. Brawl · Super Smash Bros. Ultimate

I likskap med dei andre spela i Super Smash Bros.-serien, er Super Smash Bros for Nintendo 3DS og Super Smash Bros. for Wii U uortodokse slåstarspel, der spelarar styrer figurar som bruker ulike angrep for å svekke motstanderne sine og slå dei ut av ein arena. Spela hentar element som karakterar, hjelpemiddel, musikk og kamparenaer frå ei rekkje ulike speleseriar, mellom anna Nintendo-seriar som Mario, Donkey Kong, Pokémon, Metroid, The Legend of Zelda og Animal Crossing, i tillegg til speleseriar frå tredjepartar, som Sonic the Hedgehog, Final Fantasy og Bayonetta.[1]

Super Smash Bros. for Wii U er det første spelet i serien som opnar for fleirspelar med opp til åtte deltakarar samtidig. Begge spela har vorte utvida sidan lanseringa i 2014 med innhald som kan lastast ned frå internett, inkludert nye kamparenaer og figurar. Enkelte element frå tidlegare spel i serien, som eventyrmodusen i Super Smash Bros. Brawl, er fjerna.[2]

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre