Frida Kahlo (6. juli 190713. juli 1954), døypt Magdalena Carmen Frieda Kahlo y Calderón, var ein meksikansk kunstmålar.

Frida Kahlo

Statsborgarskap Mexico
Fødd 6. juli 1907
Mexico by, Coyoacán
Død

13. juli 1954 (47 år)
Mexico by, Coyoacán

Yrke kunstmålar, kunstnar
Politisk parti Mexican Communist Party
Sjanger portrettmåleri, sjølvportrett, portrett
Religion ateisme
Far Guillermo Kahlo
Ektefelle Diego Rivera, Diego Rivera
Signatur
Frida Kahlo på Commons
Frida Kahlo bak Diego Rivera, mars 1932.

Ho var fødd i Coyoacán, som på den tida var ein liten busetnad i utkanten av Mexico by. Faren hennar var målar og fotograf av tysk-jødisk opphav. Familien hans kom opphavleg frå Oradea i Romania.

Kahlo tok til å måla etter ei alvorleg trafikkulukke i 1925. Dei livsvarige smertene hennar etter ulukka var tema for mange av bilda hennar. Heile 45 av dei 143 bilda hennar er sjølvportrett. I tillegg til personlege erfaringar skildra ho òg det harde livet kvinner levde. Ho var òg påverka av kulturen til dei meksikanske urfolka, som ho avbilda i lyse fargar, med ei blanding av realisme og symbolikk.

Den kjende målaren Diego Rivera blei interessert i kunsten og i kvinna bak han. Dei to gifta seg, skilde seg, for så å gifta seg på nytt. Kahlo var aktiv kommunist, og det blei hevda at ho hadde eit forhold til Lev Trotskij. Etter at Trotskij blei myrda fordømde likevel Kahlo han, og kalla det maoistiske Kina for «det nye håpet for sosialismen». Heimen hennar var pynta med mykje sosialistisk kunst, mellom anna portrett av Marx, Engels, Stalin, og Mao.

Sjølv om arbeida til Kahlo har blitt klassifisert som surrealistiske, og ho nokre gonger stilte dei ut saman med europeiske surrealistar, motsette ho seg denne merkelappen. Hennar interesse for kvinnemotiv og den figurative ærlegdommen ho uttrykte dei med, gjorde at ho fekk kultstatus i mange feministiske kretsar i siste halvdel av 1900-talet.

Kahlo døydde den 13. juli 1954 av blodpropp i lungene. Oska hennar er sett i ei førkolumbisk urne som er stilt ut i den tidlegare heimen hennar, La Casa Azul (Det blå huset) i Coyoacán, som blei gjort om til eit museum som også stiller ut mange av verka hennar.

Ein biografisk dokumentar med tittelen Frida Kahlo blei laga i 1982 i Tyskland. Den inneheld også ein del arkivmateriale. I 1984 regisserte Paul Le Duc filmen Frida, naturaleza viva (Frida, levende natur), der Ofelia Medina speler Frida Kahlo. I 2002 laga Miramax ein spelefilm med tittelen Frida, der Salma Hayek spelte tittelrolla.

Kahlo skilde seg ut med ein ukonvensjonell utsjånad som ho dyrka fram heller enn å skjula. Ho hadde kraftig hårvekst i andletet som ho ofte forsterka i sjølvportretta sine.

Bakgrunnsstoff endre